Biblioteksektoren må no utgreie digital beredskap på eiga hand

IMG_7497Kommunal- og moderniserings- departementet kom 3. april med ei pressemelding om at «Det er høy aktivitet og god fremdrift i arbeidet med å lage sammenhengende digitale tjenester i offentlig sektor. Det viser handlingsplanen for digitaliserings- strategien som nå er klar».

Handlingsplanen byggjer på strategien «Én digital offentlig sektor» frå juni 2019. Her gir søk i teksten seks treff på «bibliotek». Men alle står i såkalla «boksar», altså er det å rekne som litt småinteressant tilleggsinformasjon. Og det handlar berre om samlingar, nærmare bestemt om Nasjonalbiblioteket og bruken deira av kunstig intelligens i samanheng med samlingane. Pluss litt om Språkbanken, som ligg på NB. Ikkje uinteressant dette, men digitale bibliotektenester er faktisk meir enn samlingar, noko denne krisa har synt oss.

Og talentløysa tar ikkje slutt med dét:Når det gjeld den ferske Handlingplanen, så har samarbeidsparterane KS, Skate og Digitaliseringsdirektorat valt å ikkje leggje han ut som eitt samanhengande dokument, men berre som åtte kapittel. Dei meiner vel dette er mest lesarvenleg? Vi opna eit par av dei, men orkar ikkje opne resten for å sjå om bibliotek kan vere med. Varsku i kommentarfeltet om de finn noko.

Om vi no etter Koronaen skal få gjort noko med beredskapen i biblioteksektoren, så kunne det kanskje vore ein idé også å sjå på digital deling av bibliotekarkompetansen?

Og til dømes revurdere den nedlagde tenesta «Biblioteksvar», ei virtuell referanseteneste der det fram til 2012 deltok 250 norske bibliotekarar frå 60 folkebibliotek i dette. Slike tenester har overlevd og trivast i dei andre nordiske landa.

Nasjonalbiblioteket sitt argument for å slutte å gje økonomisk støtte til administrasjon av ordninga var at bruken gjekk ned. Men det var før det hadde vore økonomi til noka skikkeleg marknadsføring.

Ein annan idé som bør vurderast i den nye situasjonen er å lage kunnskapsportalar både for fagfolk og folk flest, og etter bibliotekprinsipp, altså uavhengig av politiske og andre omsyn. Eit førebilde her er Helsebiblioteket.no. Ein tilsvarande portal for pedagogikk blei foreslått då Helsebiblioteket blei Årets bibliotek i 2011.

 

Leave a Reply