«Take-away» må bli permanent

Skjermbilde 2020-04-29 13.15.03Når biblioteka opnar igjen (det skjer no enkelte stader i landet) vil det vere med ganske omfattande smittevern-tiltak, men likevel kan ikkje den nye «bibliotek-normalen» bli på langt nær som før koronaen. Blant anna fordi kvar femte innbyggjar må vere endå meir forsiktig enn i mars og april.

På fagforumet biblioteknorge i dag er det høg temperatur på debatten om opning av folkebiblioteka etter den verste smitteperioden. Bibliotekarar har venta på ei skikkeleg rettleiing slik andre sektorar har fått, men Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartmenetet signaliserer 27. april praktisk talt «faren over», så lenge ein held seg til generelle førebyggjande tiltak mot smitte.

Men nokre bibliotek har utarbeidd sine eigne planar i samarbeid med kommuneleiinga og kommunelegen, og desse er spesifikke på situasjonen i bibliotek og nokre ganske detaljerte. Blant anna har Modum/Midt-Buskerud bibliotek eit godt utgangspunkt …

som nokon raskt må byggje vidare på så vi får ein nasjonal rettleiar. Om ikkje NB gjer det, får bibliotekorganisasjonane trå til. Andre ressursar finst i Danmark og i USA og Sverige.

Men det er alvorlege utfordringar her som går på personale. Slikt som vakthald i døra for at berre 5-10-20 kan vere inne i lokalet til kvar tid (avheng av kor store lokala er) og reingjering av tastatur og automatar etter kvar bruk.

Og nokre skriv at biblioteka kan avslutte «take-away»-tilbodet når dørene opnast for utlån/innlevering og etter kvart meir publikumsbruk. Men kva då med risikogruppene? Dette må nok bli ein renessanse for Boka-kjem-tenestene, og med fleire brukarar. Og vi veit kor arbeidskrevjande dette er.

Og det spesielle med norske bibliotek er at mange av dei berre har éi stilling og éin eller to tilsette. Som no også må stå vakt?! Her trengst det ikkje berre rettleiing, men ei krisepakkse frå Abid Raja.

5 Responses to “«Take-away» må bli permanent”

  1. Hei, hvorfor mener du at det MÅ være vakthold? På apotekene (som et eksempel) er den begrensede tilgangen i stor grad basert på merking, informasjon og rett og slett tillit til befolkningen. Dette tror jeg uansett det blir vanskelig å si noe generelt om, siden biblioteklokaler er veldig forskjellige fysisk.

Trackbacks

Leave a reply to Anders Ericson Avbryt svar