Langvarige korona-utfordringar for biblioteka

Skjermbilde 2020-05-06 15.33.48Bloggaren hadde i går, 5. mai, eit debattinnlegg i Klassekampen under tittelen «Kva skal biblioteka gjere?» (den opphavelege tittelen står ovanfor). Innlegget startar slik:

No er det uro bak dei stengde bibliotekdørene: Kor snart og korleis skal dei opne igjen? Til skilnad frå mange publikumstenester blir det inga nasjonal rettleiing for biblioteka, trass i at dei får alvorlege ekstra utfordringar etter koronaen, både praktiske, økonomiske og politiske.

På linje med det meste anna blei biblioteka stengde 12. mars. Men bibliotekarane viste seg kreative: Nasjonalbiblioteket (NB) forhandla fram ekstraordinære utvidingar av digitale tenester, og lokalt følgde biblioteka opp med å samle alt digitalt i brukarvenlege portalar, dei opna «take-away» boktilbod og laga eventyrstundar på Youtube.

«Opninga av samfunnet» skal skje kontrollert, og mange får rettleiingar frå sentralt hald. Men ikkje biblioteka. …

Kulturdepartementet og NB, med støtte av FHI, skriv no, til alles overrasking, at dei kunne ha halde ope heile tida, og dei kan når som helst opne igjen, berre dei følgjer smittevernreglane og tar ein prat med kommunelegen.

Men biblioteket er spesielt. Her kjem folk tilbake med like mange «varar» som dei var og «handla». Det betyr ei uvanleg stor kontaktflate med veldig mange.

 Dei biblioteka som opnar no må altså gjere det med heimesnekra retningslinjer og tiltak. Fagfolka forsøker å lære av kvarandre, også av kollegaer i andre land, men også der spriker signala, til dømes om kor lenge ei innlevert bok må vere i karantene. Nokre får høyre at det ikkje trengst, andre tre dagar eller to veker og nokre får nei til all innlevering. Og kan det vere fem eller ti lånarar inne til kvar tid? Må dei ut igjen etter ti eller tjue minutt? Dei fleste har måtta stenge pc-ane, endå nett-tilgang for mange er den viktigaste grunnen til å bruke biblioteket.

I dei mange små kommunane med berre éin eller to tilsette blir det ikkje lett å halde vakt i døra i tillegg til andre arbeidsoppgåver. Så blir det berre «take away»-tilbod endå ei tid.

Men «take away»- og «boka-kjem»-tilbod må truleg byggjast kraftig ut og vere eit alternativ minst så lenge smitta er her. For no er kvar femte innbyggjar i ei risikogruppe, og for dei betyr «samfunnsopninga» ein endå skumlare kvardag. Berre bussturen til biblioteket blir ei utfordring. Å halde på tilliten hos eldre og ressurssvake blir ein kamp, seier ein tidlegare leiar av den US-amerikanske bibliotekforeininga. 

Og folk på 65+ er dei som låner mest skjønnlitteratur, bruker mest lokalhistorisk stoff, aviser og tidsskrift, og dei er oftast på opne møte. Dette kan bli eit stort, varig fall i utlånsstatistikken. Noko rådmenn og lokalpolitikarar vil hugse i budsjettprosessane framover. Når skatteinngang og brukarinntekter stuper og helse og sosial får rekordutbetalingar, vil biblioteket bli salderingspost som aldri før. Og dette kjem i tillegg til ei bølge med samanslåing med sørvistorg, særleg etter kommunereformen. Fleire stader blir no bibliotekarkompetansen sett på sidelinja.

 I tillegg vil lokalhistorikarar, skribentar, frilansarar og andre utan tilknyting til universitet eller høgskole ha behov for minst like bra digitale tenester som under koronaen. I folkebiblioteka får dei ein del av dette ved oppmøte, men no skal pc-ane vere stengde. Nasjonalbiblioteket, Universitetsforlaget og andre må ikkje stengje dei utvida tilboda no. Staten må kompensere forfattarane. 

Og vi må få ein nyskriven nasjonal bibliotekstrategi der alt dette blir tatt på alvor og der grunnplanet får meir å seie.

 

3 Trackbacks to “Langvarige korona-utfordringar for biblioteka”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: