Nettguiden er og blir VEKK

>> Nytt 29. mai: 3 av 8 uthengte bibliotek (sjå nedanfor) har på ei veke fjerna den falske informasjonen!

Dette varsla vi om i januar og på lista «biblioteknorge» i mars, men framleis kjem vi over «gode råd» som dette på sentral plass på heimesider til norske folkebibliotek: «Ta en kikk på Bærum bibliotek sin nettguide».

For kanskje ein gong for alle å få luka vekk denne falske informasjonen (som er ekstra pinleg no som folk ikkje kan få hjelp av levande bibliotekarar), er vi i dag så uvenlege å liste opp bibliotek som har såpass dårleg kontroll på heimesidene sine: Bergen, Sandnes, Finnmarksbibliotekene, Ringsaker, SenjaMoss, UB i Stavanger og Sandefjord vgs og ei rekke vgs-bibliotek.

Og vi gjentar: Dette var ei raus deling av ressursar i mange år, og Bærum bibliotek skal først og fremst ha takk og ros så lenge det varte. Men det einaste rimelege no ville vere at Nasjonalbiblioteket vidareførte tenesta. Og der praktikarar i folkebibliotekmiljøet speler ei sentral rolle.

PS: Vi sletter denne artikkelen når dei nemnde biblioteka har ordna opp 🙂

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: