«Fridom» for skolebiblioteket …

Skjermbilde 2020-06-11 11.20.09I eit debattinnlegg i Aftenposten i dag (og på Periskop) går leiarar og representantar for ti institusjonar og organisasjonar på kultur- og kunnskapsfeltet til frontalåtak på forslaget til ny opplæringslov. Fordi utvalet foreslår å «fjerne begrepet skolebibliotek i loven, erstatte det med bibliotek og dermed gi kommunene større frihet til selv å finne lokale løsninger».

Denne typen «fridom» er som kjent éin av den nyliberale staten sine metodar for å kutte i offentlege utgifter og omdanne samfunnet etter marknadslogikken.

Det norske skolebiblioteket har alltid vore ein kasteball på alle forvaltingsnivå, heilt ned på den enkelte skolen. For tjue år sidan danna fleire av dei same organisasjonane Bibliotekaksjonen, der skolebibliotek og tilbodet til barn var heilt sentralt. På Bibliotekmøtet i Stavanger i 2002 presenterte dei nokre gode føredøme, blant anna det nybygde, flotte skolebiblioteket ved Slevik skole i Fredrikstad. Eit par månader seinare tok eg, som journalist, kontakt med skolen med tanke på å gjere ein reportasje, men då … hadde dei lagt ned skolebiblioteket og gjort det om til undervisningslokale.

No ser det ut til at dei har fått seg bibliotek igjen, men dei var ikkje kvalifiserte til å kome med på innkjøpsordninga til Kulturrådet no i januar. Dessverre på linje med eit fleirtal av dei fem hundre søkarane.

Men det er godt å sjå at bibliotek- og andre miljø er vakne og går på barrikadane når det trengst. For det kjem meir. Bokbåten er vel tapt, men slaget om blant anna folkebiblioteka blir no førebudd på kommunaldirektørkontor og i partigrupper i heile landet.

Ironisk nok er det denne bibliotektypen lovutvalet meiner at skolane skal skape skolebibliotektilbod saman med.

 

 

2 Trackbacks to “«Fridom» for skolebiblioteket …”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: