
Tett med folk. Ikkje uvanleg i eit bibliotek. Her frå Göteborg HB i november.
Slik kan ein i alle fall forstå Nasjonalbiblioteket og avtalepartnerane deira når dei no avsluttar den utvida retten til bruk av pliktavlevert materiale. Den opprinnelege meldinga om «Utvidet tilgang til digitalisert materiale under korona-krisen» finn vi blant anna 25. mars på Wayback Machine, men i dag, 6. juli. har teksten fått eit heilt annleis tillegg på toppen om at tilbodet opphøyrde 1. juli.
Det finst alternative tilbod, som ordinært lån eller fjernlån av fysiske eksemplar, men det er framleis slik at omlag 20 prosent av folket tilhøyrer ei eller fleire risikogrupper og at éin smitta person på eit bibliotek kan føre til spreiing med alvorlege følgjer for enkelte av oss. Sjå berre kva 239 forskarar frå 32 land i dag konfronterer WHO med: «Mener korona smitter mye lettere enn tidligere trodd». Frå før er det mykje som tyder på at store fellesareal og opne kontorlandskap er risikable. Underteikna får i sommar nær familie på besøk, der éin har sterkt redusert immunforsvar. Så dette har vi lært oss litt om.
I tillegg blir det stadig færre bibliotek her i landet, så stadig fleire må ta bussar, banar og tog for å kome til biblioteket. Transportmiddel som vi no ser at blir noko av det mest trugande ein kan tenkje seg.
Kvifor kunne ikkje ordninga bli permanent? Det kan ikkje ha kosta staten svært mykje i ekstra overføringar til rettshavarorganisasjonane? Samanlikna med dei andre store krisepakkene. Men gje dei det dobbelte, då. Det har staten råd til, i kunnskapens og demokratiets namn.
Leave a Reply