Digitale litteraturarrangement er så ymse

Skjermbilde 2020-07-14 15.01.23

Bokomtale og sitat er lovleg. Klikk og spol gjerne 25 minutt ut i sendinga 🙂

Dette er hovudsaka på kultursidene i Klassekampen i dag: «Er kritisk til digitalisering – Forfattersamtaler, foredrag og bokbad deles fritt på digitale flater. Det kan frata forfattere inntektskilder». Det er klart, men litterære arrangement kan vere så mykje, og sjølv om avisa kan påvise at eit (ikkje namngitt) bibliotek er blant syndarane, er det viktig no at bibliotek ikkje blir skremde frå å leggje ut og dele noko som helst.

Tore Renberg seier til avisa at digitalisering av slike arrangement « … er en blindvei. Under korona har det oppstått av nødvendighet, men om det er et vellykket eller interessant formidlingsmedium, er et annet spørsmål».

Ingvild Herzog, leiar av Norsk Forfattersentrum, er kritisk til at «arrangementer skal ligge ute uten tidsbegrensning. … det kan gjøre forfatterne mindre attraktive til andre arrangementer. … Når noe skal vare evig, må det koste mye. Hvis ikke tar vi knekken på forfatterøkonomien».

Vi nemnde dette på bloggen alt 25. mars, men samtidig viste vi til at bibliotek i Australia har fått på plass ein avtale om fri bruk av litteratur i digitale arrangement, på vilkår av at …… bibliografiske data skal framgå på rulletekstar og liknande, og at når WHO har meldt «faren over», skal alle opptak slettast og fjernast frå nettet. Dette er likevel noko anna enn når forfattaren sjølv er aktiv i programmet.

Hadde eg i dag vore student på bibliotekutdanninga eller på medie- og/eller litteraturfeltet, hadde eg meldt inn ei batchelor- eller masteroppgåve om dette. Blant anna: Kor skadeleg er det for forfattarane? Men kor stor ekstra PR-verdi for dei same?

For behovet for ulike typar arrangement via nettet blir ikkje vekk i løpet av hausten 2020 (slik heller ikkje behovet for utvida digital tilgang til sjølve litteraturen er det, i strid med kva KUD og NB ser ut til å meine). Digitaliserte litteraturarrangement er blitt og vil vere ein viktig sjanger.

One Trackback to “Digitale litteraturarrangement er så ymse”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: