Retten til å lese opp og sitere? Og leggje ut – for kor lenge?

Skjermbilde 2020-03-25 21.13.49>> Nytt 17.7.: Norsk Bibliotekforening melder på lista biblioteknorge at dei «har teke initiativ til eit møte med Forfattarsentrum m.fl. rett over ferien» om desse spørsmåla. Bra!

«Strømmes for evigheten» var overskrifta i Klassekampen i går då dei følgde opp saka frå tysdag om strøyming og påfølgjande nettpublisering av foredrag og liknande. Noko som kan undergrave nye oppdrag og dermed økonomien til forfattarar. Onsdag blei Nasjonalbiblioteket og Deichman intervjua, men eit gjennomsnittleg folkebibliotek vil ikkje alltid kjenne seg igjen i korleis dei to største biblioteka i landet løyser ting.

Det er på tide med ein gjennomgang av alt dette no når digitale arrangement må bli daglegdagse. Dette er ingen oppgåve for denne bloggen, men vi vil bidra til å spele ballen vidare.

Opphavsrett har aldri vore enkelt, og i faglege forum vedgår ofte bibliotekarar kor usikre dei er. Sjå til dømes denne tråden på Twitter, der den røynde biblioteksjefen i Lom, Rita Mundal, forsøker å få svar på følgjande: «Vi vil ikkje bryte lov og reglar. Er det lov å ha opplesingar i biblioteka utan å betale vederlag og avklare med forf. på førehand eller er det ikkje lov? Td lesestund for ungar, Strikk og lytt, litterær lunsj. Dette er reine opplesingar, ikkje bokpresentasjonar».

Forfattar Idar Lind engasjerte seg, men dei fleste andre fortalde mest om kva dei ikkje veit. Same kor mange gongar Rita gjentok og presiserte.

Det overraskar ikkje at Rita er frustrert. Ho starta tråden sin tre dagar etter at Norsk forfattersentrum hadde hatt ein twitterdiskusjon, der dei i ei seinare oppsummering på heimesida blant anna skriv:

«Noko som bidrar til forvirring i denne saka, er at biblioteka i alle år vederlagsfritt har framført både lengre utdrag og heile bøker på eventyrstunder og andre opplesingsarrangement. Dette er mest sannsynleg eit brot på opphavsretten, men nettopp av hensyn til bibliotekøkonomien og ønske om formidling, har det i stor grad vore ein stilltiande aksept for praksisen i bransjen. Vi i Forfattersentrum kjem ikkje til å legge oss opp i desse vederlagsfrie opplesingane i det fysiske biblioteket, men det er sjølvsagt mogleg at andre opphavsrettsorganisasjonar vil ta initiativ til eit system for å handtere desse opphavsrettane i framtida (t.d. eit TONO for opplesing av tekst på scene). … Det vi ønsker å utarbeide, og som vi i går sende ut ein e-post til biblioteka om, er eit fast rammeverk for å ta vare på opphavsretten på digitale flater. Koronakrisa har flytta den nemnde gratispraksisen over på nett, og det kan vi ikkje leve med».

Altså langt frå ei tydeleg tilråding. Dei har også publisert eit «Anbefalt midlertidig rammeverk for digitale arrangement», men, som vi ser, blir også dette atterhald på atterhald.

Før vi går vidare gjentar vi frå tysdagen det sjølvsagde at bokomtale/-presentasjon av ein bibliotekar er lovleg, fysisk og digitalt, på same måte som bokmeldingar i aviser. Og her er det lov å sitere, men kor mykje? Lovleg er det i alle fall å lese opp heile folkeeventyr og andre eldre tekstar som har falle i det fri (når forfattaren er død for meir enn 70 år sidan).

På rett hylle med åndsverklovenFrå sentralt bibliotekhald blei det meste av dette grundig og juss-fagleg handsama i ein eigen publikasjon frå statlege ABM-utvikling (NB sin føregjengar) for tolv år sidan: «På rett hylle med åndsverkloven». Her heiter det i kapittel 2.4.4 «Fremføring av verk for publikum i abm-institusjoner»:

«Som tidligere nevnt, er den praktiske hovedregelen at det kreves samtykke fra opphavsmannen til offentlig fremføring av åndsverk. Det finnes samtidig en låneregel i åndsverkloven som tillater offentlig fremføring av utgitt åndsverk «ved tilstelninger der fremføring av åndsverk ikke er det vesentlige, såfremt tilhørerne eller tilskuerne har adgang uten betaling, og tilstelningen heller ikke indirekte finner sted i ervervsøyemed (her er det ein del fotnotar i originalen, vår merknad).

Det betyr at en abm-institusjon fritt kan fremføre åndsverk dersom fremføringen er et mindre eller underordnet element i et større arrangement. Bestemmelsen er en fribruksregel, slik at arrangøren ikke trenger be om opphavsmannens tillatelse til fremføringen eller betale vederlag.

Et typisk eksempel der offentlig fremføring vil være tillatt, er ved opplesning av eventyr som en del av et arrangement på biblioteket, der hensikten er å oppmuntre barn og unge til lese mer».

Altså stadig nye element samanlikna med Forfattersentrum anno 2020.

Og når digitalisering og nett-publisering er blitt endå mykje viktigare for store delar av publikum, blant anna barn og risikogrupper, og når vi no ser korleis opphavsrettsorganisasjonane og pressa er på offensiven, bør bibliotekfeltet ikkje sitje og vente på kva som skjer.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: