
Bibliotektilbodet på Galapagos. Sjøløva er ikkje registrert lånar. Foto: Edgardo Civallero, CDF
Bibliotekbloggar-kollega Peter Alsbjer i Örebro delte her om dagen ein lesbar og eksotisk tekst av Edgardo Civallero om korleis det er å vere bibliotekar på Galapagos-øyene. Han jobbar på Charles Darwin Foundation Library and Archive og er for tida den einaste fagutdanna bibliotekaren i denne ecuadorianske provinsen.
Edgardo er ein gamal kjenning for følgjarane våre, og ein verkeleg pionér når det gjeld bibliotektenester til urfolk. Trass i Thor Heyerdahls undersøkingar i 1952 er det tvil om det har vore fastbuande der før spanjolane kom over frå Sør-Amerika. Indianarar har vel drive i land ved uhell og anten døydde ut eller returnerte då dei ikkje fann ferskvatn der. Då Edgardo kom dit i 2018 var det knapt eitt fungerande folkebibliotek der, men han starta eit «traveling library» i form av koffertar med bøker som han flyttar rundt. Der pakkar han også ned …«digital resources—storing them on “travelling USB drives”, duplicated CDF’s educational material, and a long list of other tricks that are well known by every resource-less librarian in the world».
PS 1: Her nokre minibibliotek på norsk. I samarbeid blant anna med verkelege bibliotek. For her i landet har vi heldigvis slike også. Så lenge det varer.

Foto: Edgardo Civallero, CDF
PS 2. Underteikna kunne ha blitt galapagosse om ikkje farmor, og kanskje den då fire år gamle far min, sette ned foten. For gubben vurderte seriøst å emigrere dit saman med andre bygningsarbeidarar frå Elverum, då dei stod utan jobb i 1925 etter å ha fullført sjukehuset der. Reint statistisk ville det gått dårleg for dei; det blei anten retur til heimlandet eller sakte forfall, jamfør boka «Drømmen om galapagos». Etter det vi no har lært ville sjansen for underteikna til å bli bibliotekar vore nær null.
PS 3: Edgardo Civallero stadfestar i ein e-post at dei norske hadde liten suksess, men dei «broke the ice» for andre kolonistar… Så kan ein etterkomar vere endå meir nøgd med at dei i staden flytta til Sør-Odal.
Leave a Reply