
Finn ikkje ut kor vi har dette frå. Ironisk meint?
Som bibliotekbloggar burde ein ha gått grundig inn i desse debattane, men det får eventuelt bli utpå hausten. Og i utgangspunktet er jo folkebiblioteket soleklart for fri meiningsutveksling.
Når dét er sagt, er det grunn til å dele intervjuet Dag og Tid hadde med Rune Slagstad om desse tinga. Han «avviser kategorisk scenenekt som strategi», også når han blir møtt med påstanden at Sian (Stopp islamiseringen av Norge) «ikkje [skal] få ytre seg på offentlege bibliotek fordi andre brukarar kan verte redde». Men intervjuet tar utgangspunkt i boka til Fosli, der Slagstad er klar på at bokmeldinga burde ha blitt trykt i Prosa. Men samtidig påpeiker han at bladet har «bidrege med gratis PR til ei bok som alt har selt om lag 2500 eksemplar». Men les heile.
Så snubla vi også over to verkeleg omfattande artiklar på Wikipedia om både …
riving av statuar og minnesmerke og namneendringar i kjølvatnet av George Floyd og Black Lives Matter. Men til skilnad frå svært mange artiklar i leksikonet finn vi ikkje eigne avsnitt med «controversies» her. Hmm.
Sjå illustrasjonen ovafor av ein mann som har prega svært mykje av det bibliotekarar driv med over heile verda. Men alt i fjor på desse tider omdøypte den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA ein viktig pris med namnet hans, på grunn av faktisk lenge kjend kunnskap om både rasisme og sexisme.
Mens svenskane nyleg har konvertert til klassifikasjonssystemet hans og skrota det dei kalte SAB:s klassifikationssystem (småironisk smilefjes) …