Plan S(topp)?

Utgangspunktet for snøballmetaforen

Vi har hatt Plan S på blokka eit par veker, etter at bomba sprang om at det europeiske forskingsrådet ERC i juli trekte seg frå heile planen. «Uforståeleg», sa direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Før han annonserte overgang til Utanriksdepartementet som «global helseambassadør». Så kom det nokre lesarinnlegg på Khrono.no der norske Plan S-skeptikarar gav – høfleg – inntrykk av ei viss letting. Men i dag har nettstaden eit innlegg av tre tilsette ved UiT, blant anna bibliotekdirektør Johanne Raade, med tittelen «Plan S: Snøballen som må rulle». Dei avsluttar likevel med eit atterhald i den siste setninga: «Det er på høy tid at forskerfellesskapene og institusjonene sørger for at flere seriøse tidsskrift går over fra kommersielle forlag til åpne plattformer. Fordi det er den veien snøballen ruller, og må rulle videre, med eller uten hjelp av Plan S».

I ein artikkel i Nature frå midten av juni kan vi lese om auka vilje til å publisere og dele forsking om koronapandemien og at særleg fagfellevurdering og dermed publisering har tatt mykje kortare tid enn før. Men samtidig er nokre i tvil om dette vil halde fram og bety …

gjennomslag for OA og eventuelt Plan S, kanskje tvert imot. Ein av dei intervjua meiner koronaen vil bli «the event that tipped science in general towards fast, open publishing», mens ein annan er redd mykje av «varmen» i OA-rørsla vil gå tapt.

Blant anna vil innsparingar ved universiteta føre til lågare inntekter for forlaga og tidsskrifteigarane. Og ingen må tru at det er med glede dei store tidsskriftforlaga, nokre av dei med aller høgast profittmargin på kloden (Elsevier med 37% i 2018), har nærma seg Open Access og Plan S. Dei har blitt pressa av dei store offentlege protestane mot prisgaloppen deira og av at stadig fleire, også Plan S-skeptikarar, har erklært seg som tilhengarar av betre løysingar for forskinga generelt, institusjonane og sluttbrukarane.

Så dei tre frå UiT har nok rett i at det er «forskerfellesskapene og institusjonene» som må dra lasset.

One Trackback to “Plan S(topp)?”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: