
På Biblioteksentralen sin kanal Bibbi-nytt klinte dei nyleg til med tankevekkjande sommarunderhaldning i form av ein tekst om «Emner i skjønnlitterære sjangre». Det handlar om statistikk i tabellform over bruken av emneord til bøker i sjangrane «kriminal, spenning, science fiction, fantastisk, grøsser, kjærlighet eller chick lit». Til dømes: Når emneorda i kriminallitteratur er namn på fiktive personar kjem Hercule Poirot klart på topp føre Sherlock Holmes og med Varg Veum hakk i hæl. Mens «Vampyrer» er like suverene når det gjeld fantastisk litteratur, med «Trolldom» på andreplassen.
Men så skriv dei at statistikken omfattar «de siste seksti årene». Men nokre av oss som har vore med ei stund, om enn ikkje seksti år i yrket, vil hugse debattar på midten av 1980-talet om emneord i det heile tatt burde brukast på skjønnlitteratur. Underteikna var på eit møte der representantar for særleg barnebokforfattarane var verkeleg opprørte over dette. Argumenta imot var at skjønnlitteraturen ikkje måtte setjast i båsar og at katalogbrukarane då berre ville bli informerte om eit subjektivt utval av kva bøkene handla om.
Tenkjer nokon slik i dag? Mange som er interesserte i bibliotekhistorie vil i alle fall finne dette skiftet interessant. Men har nokon der ute meir å melde om debatten? Til dét formålet har vi eit kommentarfelt nedanfor.
Når det gjeld omtrentleg tidspunkt …
… finn vi at katalogsjef Turid Øygard i Stavanger i Bok og bibliotek nr. 8, 1985, skriv at «med jamne mellom dukker og ynskje om emneord på skjønnlitteratur opp». Og det første heftet i serien «Emner i skjønnlitteratur» ser det ut til at Biblioteksentralen gav ut i 1987. Så bibliotekarane var tydelegvis ikkje så vanskelege å få på gli.
Men frå midten av 80-talet til i dag er «berre» 35 år, ikkje 60? Men så finn vi i forordet til eit av hefta at «Alle romaner som er registrert i Norsk bokfortegnelse etter 1962, er vurdert med tanke på emneord». Er dette forklaringa på dei 60 åra? I det same forordet finn vi også ein del tekst som speglar kritikken frå forfattarane.