Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

Slike møblematiske forandringar må til (takk til Håkan Nesser!)

Næringsverksemder av alle slag får statsstøtte for å overleve, eller også leve over evne. Kulturinstitusjonar og kulturarbeidarar som har tapt billettinntekter o.l. får også støtte. Men biblioteka tar ikkje brukarbetaling, så det meste dei har fått til no er noko til e-formidling og 20 millionar til e-bøker (men dette kompenserte berre for omlag éin månads normalt utlån). Andre støttetiltak fekk også eit bibliotek-stempel, som utvida tilgang til pliktavlevert materiale og opninga av Idunn.no osv, men dette hadde i beste fall berre med Nasjonalbiblioteket å gjere og kom først og fremst forsking og organisert utdanning til gode.

Men no er det på tide å diskutere krav til den omstillinga og nytenkinga som trengst i folkebiblioteka etter den første korona-bølgja og frametter.

Skal biblioteka unngå å bli reduserte til stader for bokutlån på 1990-nivå og unngå endå fleire domenetap til den kommersielle verda (musikk og film har vi jo alt tapt), må dei få høve til ei offensiv omstilling, og der staten må bidra mykje sterkare enn til no med både pengar og planlegging. Den berre eitt år gamle nasjonale bibliotekstrategien må nyskrivast. Andre prioriteringar må gjerast.

Sentrale aktørar i bibliotekmiljøet er sjølvsagt i full gang med drøfting av sånt, pluss finsliping av lobbyist-verktøya, men det skadar verkeleg ikkje om grasrota bidrar. Derfor nokre innspel nedanfor:

Men først: Hugs at når/om det kjem ein god vaksine, kan det likevel ta to år før «alt er normalt» ifølgje FHI. Men det vil kome nye «bølgjer» av koronaen, og faren er stor for nye farlege virus. Noko arkitektar og bibliotekasjefar i USA alt tar høgde for når dei planlegg ombygging og tilpassing etter den første korona-krisa.

Nok sosial distanse her?

Hadde det ikkje vore for risikogruppene, kunne mykje av dette vore enklare. Men dei omfattar minst kvar fjerde innbyggjar og representerer sjølvsagt også ein stor del av bibliotekbrukarane. Mens aldersgrupper med låg risiko bruker biblioteket noko mindre enn før, har dei eldre vore ganske trufaste dei siste åra.

For nokre i risikogruppene har krisa vore mest eit praktisk og sosialt problem, men for andre også ei stor mental utfordring. Det er frykt og mistillit vi snakkar om her. Tidlegare røynsler er at mange eller heile grupper av lånarar har forsvunne frå biblioteket etter flytting til mindre brukarvennlege lokale og etter episodar av kriminalitet og vald i eller nær biblioteket. «Vil risikogruppene ha tillit til at biblioteklokala er trygge når dei opnar igjen?», spør Sari Feldman, tidlegare president for American Library Association.

Omstillinga av folkebiblioteka bør bli eit stort nasjonalt program, med mange del-utfordringar. Nedanfor har vi samla 19 små og store slike, baserte både på lokale kontaktar og internasjonale kjelder (nummereringa er berre for å forenkle debatten vi må håpe på i kommentarfeltet; dei 19 er ikkje i prioritert rekkefølgje, og det kan kome fleire):

  1. Vanlege smitteverntiltak og -utstyr, sjølvsagt, men også dét betyr meirarbeid og -utgifter. Sjå Smittvernveilederen (men som er fire månader gamal og bør gjennomgås for ev. revisjon, sjå bl.a. punkt 10 nedanfor).
  2. Vidareutvikling og bruk av fleksibelt og flyttbart bibliotekinteriør, medrekna gode løysingar for skjerming for ulike høve.
  3. Eksisterande biblioteklokale: Meir langsiktig omorganisering og ominnreiing for tryggare opphald og bruk for både brukarar og tilsette. Eventuelt vurdere å flytte til forsvarlege lokale.
  4. Planlegging av nye biblioteklokale: Nytenking om bibliotekarkitektur utfrå større arealbehov for menneske, ikkje minst for møte og arrangement, men kanskje mindre behov for reolar? Myldreareal, trappar og heiser må bli breiare i nye bibliotekbygg. Også mellom reolar bør det vere muleg å passere kvarandre med «6 fot imellom» (= 1,8 meter; eit USA-døme).
  5. Utstyr og kompetanse for betre og meir digital formidling med tanke på risikogrupper som ikkje kan møte på biblioteket, men også for dei som ikkje får plass i dei «mindre» lokala og ev for andre interesserte. Pluss av sosioøkonomiske grunnar (viktig artikkel!)! Fysisk PLUSS digitalt må bli normen. Men det vil koste.
  6. Gjennomgang av Åndsverklova og ev inngåing av nye avtalar for typar verksemd nemnd i punktet ovanfor.
  7. Utgreiing av utvida Boka-kjem-tenester, bokbussar og andre oppsøkjande tenester for både risikogrupper og andre.
  8. Korleis gjere biblioteket til ein trygg møteplass igjen? Også for barn og ungdom. Dei er ikkje dei mest utsette, men det blir forska på faren for smitte-overføring. Dette handlar om meir enn å flytte møbel ein ekstra meter frå kvarandre.
  9. Ny ventilasjon med redusert risiko for spreiing av virus.
  10. Rom og utstyr for trygg karantenering av bøker og anna utlånsmateriale i minst 6 dagar (den norske Smittevernveilederen ser ikkje ut til å vere heilt på linje med den nemnde forskinga: «… å sette bøkene i karantene eller rengjøre bøkene på grunn av covid-19 er ikke nødvendig»). 
  11. Utstyr og kompetanse for meir lokal informasjonsdigitaliseringdigitization») enn i dag. NB og Riksarkivet gjer mykje, men langtfrå alt. Til dømes kampanje og plan for å styrke Wikipedia o.l. med lokal kunnskap og bibliotekmateriale.
  12. Vidareutvikling av bibliotektenester innanfor samfunnsdigitaliseringdigitalization») , til dømes digitale referansetenester, som den nedlagde «Biblioteksvar» og ikkje-kommersielle kunnskapsportalar utvikla etter bibliotekprinsipp, jamfør Helsebiblioteket.no. Sjå også BTS.
  13. Vidareutvikling og/eller radikal nytenking av dei langt frå perfekte biblioteksystema og webkatalogane (PS: I Danmark har dei eitt sentralt, felles biblioteksystem, indirekte eigd og styrt av kommunane i fellesskap. Gjekk dét toget for mange år sidan, eller gjorde det ikkje?).
  14. Så lenge NB, KD og bokbransjen ikkje får på plass betre avtalar for utlån av e-bøker må ordninga med øyremerka statstilskott halde fram, med det ho kostar via statsbudsjettet. Og kva med ein auke for e-bok-biten av innkjøpsordninga?
  15. Open Access-kampen må ikkje stoppe opp, men intensiverast! Biblioteka bør samle og sikre alt seriøst ope tilgjengeleg materiale, både forskingsmateriale og anna, og gjere det tilgjengeleg helst éin stad, noko det ikkje er i dag.
  16. Mikael Böök har foreslått ei eiga internasjonal bibliotek-sky, ut frå at vi ikkje kan stole på dei kommersielle verken når det gjeld personvern eller uavhengighet av styresmakter. Heller ikkje når det gjeld økonomisk soliditet.
  17. Kompetanse trengst om lokal planlegging, kartlegging og risikovurdering for å møte periodar med uvanleg mange tilsette i karantene etter smitte eller fråvér pga risikogruppe. Det må ikkje ende med innskrenka opningstider.
  18. Ny gjennomgang av meirope bibliotek og kva som trengst av tryggingstiltak for å kunne opne dei igjen. Videoovervåking eller også vektarar eller anna personale?
  19. Bibliotektilsette får no auka arbeidsbyrde og fleire oppgåver (sjå ovanfor) og må ikkje bli pålagde kriseoppgåver i det omfanget dei fleire stader er i dag. Bibliotek er også «samfunnskritiske» institusjonar.
I Dokk1 i Århus hadde dei plass til å ominnreie. I alle fall i oktober 2018.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: