Overdriven jubel

Inn til det verkelege biblioteket på Rjukan (sjå fotoserie)

Vi har stor sans for Rjukan bibliotek, både for det segnomspunne Røde biblioteket, for den respektfulle bevaringa av interiøret, for at så mange vidgjetne bibliotekarar har vore sjefar der, for den føredømelege artikkelen i bibliotekhistoria på Lokalhistoriewiki.no og for at dei har klart å halde på namnet, trass i at kommunenamnet alltid har vore Tinn (det må vel vere det einaste i landet? Protestar er velkomne i kommentarfeltet).

Men no har Rjukan Arbeiderblad eit jubeloppslag om at «den store mikrobokbølgen [har] nådd Hovin». Det handlar om eit skap med plass til 40 bøker som «alltid [står] åpen for alle som måtte ha lyst til å berike livet sitt med litteratur». Og vi får vite at «Det er godt, for Hovin bibliotek (etablert i 1893) ble lagt ned i 2018».

I kommunen finst det, eller er det planar om, fleire. På campingplassar og i parkar kan dei vere positive som inspirasjonskjelder til lesing og bibliotekbruk, men bygda Hovin ligg pluss minus éin time med bil frå Rjukan og 2 timar og 18 minutt med buss. På sommarføre. Då er ikkje eit skap med 40 bøker grunn til å juble så høgt, etter vår meining. Men mikro- eller mini«biblioteka» har utruleg godt mediatekke, jamfør alt vi tidlegare har skrive om dette fenomenet her på bloggen.

Eller for å sitere ein bibliotekaktivist vi kjenner i London: «Ikke hva som helst er bedre enn ingenting» (side 4-7).

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: