Å forstå biblioteket

I Klassekampen i dag handlar hovudoppslaget på kultursidene om ei plagiert bok, der den plagierte har fått erstatning og opplaget er makulert, men der Deichman og tretten andre folkebibliotek likevel er så frekke at dei «Låner ut plagiert tekst». Men Deichman-sjef Knut Skansen er klinkande klar: «Ingen skal fortelle oss hva vi skal ha i hyllene».

>> 15.1.: Viktig oppfølging i Klassekampen

Dette er viktig, for her kjem det fram noko vesentleg om det uavhengige, sjølvstendige biblioteket og biblioteksjefen si rolle som slett ikkje alle kjenner til eller har tenkt over. Det er viktig å forsvare dette som inngår i eit prinsipp som har bygd seg sterkare her i landet sidan skammelege hendingar særleg i 1956 og 1977.

Kanskje har heller ikkje kulturredaksjonen i Klassekampen vore særleg medvitne om dette, skal ein døme etter kor stort oppslaget er. Og korleis den ansvarlege forleggjaren får siste ordet og at han «har tenkt at bibliotekene burde ha et system her».

Direktør Aslak Sira Myhre ved NB er også intervjua, utan at han er så klar som Skansen. Han slår fast at det er NB sitt «ansvar å sørge for at den finnes». Men elles har han «sørget for at de pliktavleverte bøkene fjernes fra universitetsbibliotekene. Når det gjelder folkebibliotekene, er det sakens parter som har ansvaret for å informere».

Kva kan skje etter dette? Slutten på avisoppslaget kan tyde på at det kjem meir. Ender det med krav om …

… «et system»? Eit byråkrati med varsling til biblioteka og/eller overvåking av alt som kjem ut, med juridisk vurdering av alt frå plagiat til uhell og slurv. Her er det store gråsonar, jamfør ein artikkel på «Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier» (men her ikkje eitt ord om «problemet» med bibliotekutlån).

Her kan vi blant anna lese noko Bernhard Ellefsen skreiv i Morgenbladet i 2017: «Vi som skriver kan alle gjøre feil, en formulering vi har lest kan feste seg i bakhodet og finne veien inn i vår egen tekst uten at vi er klar over det. Men systematisk avskrift er noe annet. Det er juks».

PS 1: Skjønnlitterært lesetips om sånt (det er snart helg): «Francis Meyers lidenskap»! Og med mykje UBO- og NB-relevant snadder.

PS 2: Men apropos akkurat denne forfattaren og plagiat: 1. mars 2018: NRK: Etter misnøye med sakprosatittelen «Eventyrerne. En fortelling om Aker i vår tid» la oppdragsgivaren boka på nett for å sabotere ytterlegare sal (men lenka her til bokfila er i dag død). 9.mars: Forlaget gav ut ei omarbeidd utgåve, men trekte denne etter påvist plagiat. I dag: To eksemplar finst i norske bibliotek, men berre på NB. Slik skal det vere (andre bibliotek rakk vel ikkje å få kjøpt boka). Men er dette den opprinnelege eller den omarbeidde utgåva?

PS 3: Kor blei det av filmen som var varsla om F. Meyer?

One Trackback to “Å forstå biblioteket”

Leave a Reply