
Bloggarens kommunikasjon med bibliotek skjer stort sett med sms og e-post, men ein les og høyrer om bibliotek som bruker Messenger til varsling og anna. Vi er jo alt er på Facebook, lissom. Men no skriv NRK Beta at «Millioner av mennesker bytter meldingstjeneste. Dette trenger du å vite». Vi får blant anna stadfesta at FB sin Messenger er verstingen når det gjeld å spreie persondataen din til nettannonsørar og verdiskapande innovatørar av ulike slag. Heller ikkje protesterer dei altfor ivrig når slike data finn vegen til NSA- og FBI-liknande instansar, har vi høyrt.
Apropos (1) sistnemnde, så har vi tidlegare skrive utførleg om fire bibliotekarar sitt forsvar av lånarane sine persondata mot FBI, ulike regjeringar og The Patriot Act etter 9/11:
«Om krimforfattaranes sviktande bibliotekkunnskapar … eller?» (ikkje bli forvirra av tittelen).
Og apropos (2) Patriotlova: Caitlin Johnstone skriv no på Information Clearing House om Joe Biden og planane hans om nye patriot-lov-liknande tiltak. Og denne gongen ikkje berre for å få kontroll på utanlandske terroristar og dei heimlege stormtroppane til Trump, meiner ho. Biden var elles ein pioner på terrorlovgjeving lenge før 9/11.
Og apropos (3) Facebook og Patriotlova: For to år sidan skreiv Observer om eit slett ikkje uinteressant jobbskifte frå høge rådgjevarstillingar i både Bush- og Trump-administrasjonane til sjefsjurist hos Facebook.
Leave a Reply