Vi har vore inne på det før; biblioteket sin status er stigande. På sett og vis. Det er i ferd med å bli eit «mem» blant investorar, by- og tettstadsutviklarar og til og med ein og annan politikar. Men ikkje alltid den gode, gamle kulturpolitikaren. Og ikkje alltid det gode, gamle folkebiblioteket.
For ein månad sidan siterte vi ein (hytte-)byutviklar med bibliotekvisjonar. Og for to år sidan skreiv vi om kjøpesentra på jakt etter noko å krydre handleopplevinga med. Og i dag skriv «Byggfakta» om eit nytt bydelsenter i Saltrød i Arendal kommune, der dei planlegg eit «mekkebibliotek … med utleie (sic!) av mer enn bare bøker, blant annet verktøy og sportsutstyr» (vårt sic!).
PS 1: Vi er usikre på om dette står på toppen av ønskelista til Arendal sin biblioteksjef Ola Eiksund, etter ti år med budsjettkutt. Ei krise han blant anna også utdjupa i «gullalder-debatten» mot Aslak Sira Myhre.
PS 2: (OBS: Mimrefare!) Kva visste vi om Saltrød før vi las dette? Jo, vi hugser BBS-en «Saltrød Horror Show»! Som Odd de Presno fekk inn som ein spalte i tidsskriftet «Datatid» frå 1986 til -96.