Fossroing på Rotevatn (det er fredag)

Bloggaren går sakte for tida. Normalt skulle han brukt ein spaltemeter eller to på å backe opp alle gode krefter som i desse tider samlar seg til kamp for barn og ungdom si lesing og mykje betre skolebibliotek. Til dømes kunne han sitert mykje frå tidsskriftet Bibliotekaren sitt blodferske nr. 1, 2021, om «Kunnskapsløftet og skolebibliotekarene». Men det får vere nok å lenke til leiarartikkelen av forbundsleiar Veronicha Angell Bergli, som alt ligg på nettet: «Skolebibliotekarenes tid er nå». Dette er klar melding!

Ho viser blant anna til dei tre stortingsrepresentantane frå SV, Mona Fagerås, Karin Andersen og Freddy André Øvstegård sitt forslag i desember om ein nasjonal leselyststrategi. Men Bergli må melde at fleirtalet i stortingskomitéen ikkje kom til å støtte det.

Dette kunne vi arkivert i den alt breiddfulle skuffa med regjeringa Solberg si likesæle og sjølvgodskap på kulturfeltet. Og tatt helga. Men sluttdebatten om dette i Stortinget for ei veke sidan blei så dryg at vi lenker til denne også.

Denne borgarlege øvinga i utanomsnakk og eufemismar for å unngå å støtte eit velfundert og langtfrå kostbart opposisjonsforslag, vil vi gøyme også til seinare bruk. Med Sveinung Rotevatn i spissen blir alt regjeringa står for som ikkje ope motarbeider leselyst, brukt som argument. Som fastprisordninga for bøker og ei uavhengig utgreiing av bokmarknaden. Og som språklova. Og den problematiske opplæringslova. Og bibliotekstrategien. Der omtalen av skolebiblioteka ifølge Øvstegård, og mange andre, er «ganske så manglende».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

<span>%d</span> bloggere like this: