Før landsmøtet til Arbeidarpartiet var Jonas Gahr Støre ute på blant anna Khrono.no med bodskapen at han «vil flytte lesesalen ut i distriktene : Arbeiderpartiet går inn for lokale utdanningssentre for å fylle hullene i kartet for høyere utdanning».
Han nemnde nokre slike senter som førebilete, blant anna Kongsvinger. Her ringde det faktisk to små bjøller hos bloggaren: Ligg ikkje senteret til Høgskolen i Innlandet på Kongsvinger vegg i vegg med det relativt nye og delikate Kongsvinger bibliotek? Og hadde vi ikkje vore borti ein rapport om samarbeid mellom desse to institusjonane? Var samarbeidet blitt noko av?
Vi tok kontakt med biblioteksjef Stine Merete Raaden. Ho kunne stadfeste begge delar:
– Ja, høgskolesenteret ligg rett ved sidan av biblioteket. Men dei har verken bibliotek eller lesesal, berre studieplassar og gruppebord rundt i bygget. Vi har formalisert samarbeid med dei om innkjøp og utlån av litteratur. Vi er veldig tilgjengelege for studentane, og dei bruker oss mykje. Vi har meirope og vi veit at mange studentar vanlegvis sit utover kveldane.
Vi tenkjer også på denne brukargruppa når vi utviklar tenestene våre. Nyleg etablerte vi ein bokklubb for unge vaksne i samarbeid med ein kafé i byen. Det var med tanke på blant annet å nå studentane.
– Samarbeid med folkebiblioteket i satsinga på desentralisert utdanning er vinn-vinn, tenkjer eg. – Det er mange berøringspunkt, og det er naturleg på mindre stader at folkebiblioteket …
Vi brukte dette biletet då vi «gravlagde» bokbåten Epos i juni. Det blir visst delvis sant
Ser blant anna i Bergensavisen at «bokbåten er reddet». Men utan at bok/bøker er nemnde anna enn i det tradisjonsrike «typenamnet» på skuta. Det heiter at det blir «ny drift med en litt annen modell enn tidligere». Og i kommentarfeltet på FB-gruppa til prosjektet svarer dei ikkje på spørsmålet om «hvorfor kunne det ikke være bibliotek?» (kl 17.35: Sjå kommentarfeltet).
Martin Årseth i Klassekampen i dag har «Eit lite hjartesukk: Han står ikkje opp att som bokbåt, men som «det flytande litteraturhuset på Vestlandet», som skal drive noko dei kallar «desentralisert kulturhusmodell». Bokbåt er kanskje litt for keisamt å selje inn når ein skal be om pengar».
Men han oppsummerer at det er «eit godt signal å vise at ein vil gå den ekstra mila for å halde på tilbodet ein argumenterte for». Einig!
PS: Då Klassekampen siterte Bergens Tidende på dette (noko vi finn her, for BT har høg betalingsmur) fekk dei ein feil på kjøpet: Det heiter at i tillegg til dei 27 kommunane har prosjektet fått støtte frå Fritt ord, «Bibliotekarforbundet og Norsk biblioteksentral» (!). Vi vil gjette på at det handlar om Norsk Bibliotekforening (kl 17.35: Feil! Korrigering av Thomas Brevik i kommentarfeltet). Men poenget er: Så ofte som vi ser slike feil i pressa om bibliotekfeltet, korleis kan vi stole på dei når det gjeld andre område som verken folk flest eller journalistar veit lite om? Til dømes om ulike nye, eksotiske mutantar som blømer i bakhagane våre (trass i 20 grader minus og snø).
23. september blogga vi på grunnlag av eit oppslag i Klassekampen om faren for nedlegging av tidlegare hovudbibliotek i den nye storkommunen Stavanger. 9. oktober i same avis kallar biblioteksjefen i Stavanger, Anne Torill Stensberg, dette for «Skivebom». Ho forsikrar at «Det foregår ingen slåsskamp på Rennesøy. Biblioteket er ikke truet».
Ho argumenterer blant anna med at:
«Det styrende flertall i Stavanger har skrevet at bibliotekstrukturen i kommunen skal bestå
I avtalen mellom de tre kommunene står det at bibliotekene skal bestå».
Slike vedtak blei sjølvsagt gjorde i alle dei nye storkommunane, men vil dei halde når salderinga skal gjerast i desember? Eller neste desember? Bra at blant anna Norsk Bibliotekforening følgjer med på dette.
Normale opningstider i Steigen (Wayback Machine 2019). Under Korona berre onsdag frå 13 til 17
Nynorsk pressekontor (NPK) har fanga opp biblioteksjef Maria Almli i Steigen sitt forslag i Nationen 21. september om ein nærbibliotekreform. I eit intervju som til no står bak betalingsmurane i tre lokalaviser, men ope i LNK-Nytt (Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) si nettavis), utdjupar ho noko av dette:
«Når vi veit at utdanningsnivået til foreldra på bygdene er lågare enn i byane, må vi satsa desto meir på biblioteka for å jamna ut forskjellane, elles vil skilnadene berre bli forsterka. Biblioteka er ein viktig plass for å visa at kunnskap er viktig og kult».
Om ressursane seier ho: «Eg trudde biblioteka hadde eit romsleg rom til å gje folk ei lik teneste i landet overalt. Men eg oppdaga ganske fort at slik var det faktisk ikkje. Veldig mykje er kanalisert gjennom utlysing og pottar som du må søkja på. Men for å få tak i desse midlane, må du ha ein viss stillingsprosent slik at du har tid til å søkja på dei … Biblioteksjefen fekk seg også ei overrasking då ho nyleg tenkte å søkja på midlar Nasjonalbiblioteket i desse dagar lyser ut til formidling for biblioteka. – Der kan ein søkja i tre ulike kategoriar, ein kategori for folkebibliotek, ein for storbybibliotek og ein for fylkesbibliotek. Eg tenkte at her er det moglegheiter, men då eg finlas utlysinga, oppdaga eg at ein også i potten for folkebibliotek vil prioritera folketette kommunar. Då fell jo dei minste kommunane ut».
6.10.:Etter ei veke er Saxi sitt innlegg det mest lese debattinnlegget på KR
Etter at biblioteksjefen i Steigen i Nordland nyleg gjekk ut med forslaget om ein nærbibliotekreform har dette blitt ein trend. Klassekampen var ute med ei åtvaring om at kommunesamanslåingane kan føre til nedleggingar av noverande filialar, men som var hovudbibliotek i randkommunar for berre eit år sidan.
Så kjem i dag Kommunal Rapport med eit debattinnlegg frå Kirsti Saxi (SV), fylkesråd for kultur, klima og miljø i Nordland, med tittelen «Smått e’ godt – folkebiblioteket som lokal samfunnsbygger»(var visst i papirutgåva 24.9.). Bodskapen hennar er den same, at også små samfunn treng bibliotek, men betre bibliotek enn dei ofte er i dag. Trass i «en klar konsensus at “bibliotek er bra”, og “samfunnsnyttig”. Det er dog ikke alltid like lett å få omsatt plussord i kroner og øre, og bibliotek har i mange år vært nedprioritert når budsjett skal flettes sammen, både på nasjonalt og kommunalt nivå».
Ho peikar spesielt på fylkesbiblioteka si rolle her. Ho viser til …
Amanda Lind, den svenske kultur-, demokrati- og idrettsministeren, har på Facebook annonsert «läspaketet», eit heilt batteri av statlege tiltak på lesefronten. Eit leseløft for barn, som er knytt til skolen, får i alt 130 millionar dei komande to åra, Statens kulturråds lesefremming for folk i alle aldrar får meir penger, og noko nytt er eit «läsfrämjandelyft för folkbibliotekarier». I tillegg vidarefører regjeringa programmet «Stärkta bibliotek», noko vi på bloggen sidan starten i 2017 har kalla (nesten-)bibliotekmilliarden, no med i alt 300 millionar dei komande tre åra. Dette er pengar som går til meir langsiktig styrking og utvikling. Og apropos to avisoppslag i Noreg denne veka: Dei svenske kronene går til utvikling av bibliotek i «glesbygden».
Frå Finnøy til Sølvberget i Stavanger er det 42 km med bil. @Kartverket
Framtida til dei små biblioteka har for tida ein viss appell i media. Måndag hadde Maria Almli, biblioteksjef i Steigen, eit forslag i Nationen: «Norge trenger en nærbibliotekreform», og i dag handlar hovudoppslaget på Klassekampens kultursider om den foreslåtte nedlegginga av to tidlegare hovudbibliotek i kommunar som ved nyttår blei samanslåtte med Stavanger.
«– Vi ble lovet at bibliotekene på Rennesøy og Finnøy skulle fredes, men slik ble det ikke. Ved første budsjett kom det forslag om å kutte en halv stilling og flytte biblioteket ut av Vikevåg sentrum – og til det gamle kommunehuset, som er vedtatt revet», seier Bjørg Kristin Helleland Bø, som «gikk … fra å være biblioteksjef på Rennesøy til å bli en rådgiver/koordinator for Sølvberget bibliotek i Stavanger».
Avisa intervjuar også NBF-leiar Vidar Lund og Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket. Begge er merksame på problemet, men håpar dette ikkje blir ein trend, i alle fall ikkje som i Danmark, der kommunereformen i 2007 førte til nedlegging av 131 bibliotek, rett nok mange av dei «små og mindre bærekraftige filialer».
I avisa Nationen sitt debattforum, «Motkultur», har i dag Maria Almli, biblioteksjef i Steigen i Nordland, som i tillegg er bygdeforskar, eit tankevekkjande innlegg: «Norge trenger en nærbibliotekreform». Poenget hennar er at det er vel og bra at mange byar får lysande nye bibliotekbygg (ho kunne ha nemnt nesten-nabokommunen Bodø, sjå fotoserien vår frå 2015), men samtidig slit svært mange bygder og småkommunar med «overfylte, støvete boklagre i -70,-80, -90-tallsstil. Rommene er statiske, reoler fastmonterte, og fordums lysstoffrør gjør at besøkende griner for å tolke titler av bokryggene».
Dette er ein kontrast som sjeldan kjem til uttrykk, men tydeleg var Jo Straube i fotoboka si for tre år sidan: «Det norske biblioteket».
Kven har ansvar for denne utviklinga? I alle fall delvis Nasjonalbibliotket, meiner Almli:
Kulturarbeidarar og mannskap i november 2013, då Epos var nominert til Årets bibliotek
«Bokbåten er død – leve Epos!» er overskrifta på eit lesarinnlegg i avisa «Strilen» her om dagen. Som forfattaren, Marit Gro Berge, avdelingsleiar ved Strilabiblioteket i Alver kommune, har gjeve oss løyve til å gjenbruke på bloggen.
Ho meiner debattantar både for og imot «har rota til debatten gjennom ikkje å fokusere på det denne unike båten eigentleg er: Eit moderne, levande litteraturhus med litteraturformidling og ulike formar for kulturelle opplevingar! … I desse dagar sender Strilabiblioteket i Alver, i samarbeid med avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit, ut ein invitasjon til kommunar langs kysten om å samle seg rundt ein prosjektsøknad for å prøve ut vidare drift av Epos. Kvar kommune skal stå for personale, litteraturformidling og kulturelle arrangement i sin kommune, og prosjektstøtta skal dekkje sjølve drifta av båten».
Sidan 1982 har Klovnen Knut, til dagleg Knut Berntsen, vore med på Epos.
Måndag skreiv vi om Audun Lysbakken sitt forsøk på å få bokbåten Epos opp på rikspolitisk nivå i Stortingets spørjetime. No har Kjersti Toppe frå Senterpartiet forsøkt seg i same forum, med omtrent same vri. Svaret frå kulturminister Abid Raja blei sjølvsagt like negativt.
Men som sist har Raja interessante signal i svaret sitt. Han avsluttar slik: «Jeg finner det lite hensiktsmessig at staten skal overta driften av lokale bibliotekoppgaver som de lokalt ikke finner det formålstjenlig å videreføre. Dette vil ikke bare svekke det lokale selvstyret, men også undergrave muligheten for bibliotekutvikling lokalt ved å holde fast på eksisterende infrastruktur».
Det var neppe eit varmt ønske frå fylkespolitikarane å fjerne tilbodet. Det einaste «formålstjenelige» ved nedlegginga var nok å redde andre, viktige postar på eit skrantande budsjett.
Men i og med nedlegginga har fylka og kommunane i alle fall fått eit eineståande høve til å …
Bloggaren har aldri hatt hjarte til å fotografere i triste norske bibliotek, derfor dette frå Rostock, DE
Etter den brutale senkinga av bokbåten Epos 9. juni leverte Audun Lysbakken (SV) straks eit skriftleg spørsmål til kulturminister Abid Raja (V) «om han i statsbudsjettet for 2021 vil gjeninnføre et statlig, øremerket tilskudd til mobile bibliotek, som blant annet bibliotekbåten Epos vil kunne få støtte av?».
Raja svarer først at dette er det for tidleg å svare på, men i resten av svaret, som er eit ganske klart nei, grunngir han det slik: «Selv om antallet mobile bibliotekavdelinger har gått ned i perioden etter at øremerket driftstilskudd ble avviklet, er det lite som tyder på at bibliotektilbudet i kommunene har blitt dårligere. I forbindelse med evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2015-2018 oppgav hele54 prosent av befolkningen at de hadde brukt folkebiblioteket det siste året» (våre uthevingar).
Logikken må vere: Bruken på landsbasis aukar, og vi må då tru at folk med lang veg og/eller dårlege offentlege kommunikasjonar til biblioteket, blant anna også ungar, eldre og sjuke, får det dei treng. For regnar det på presten osv.
Så enkelt er det ikkje, men Raja skal kanskje ikkje klandrast, for han veit sjølvsagt ikkje …
Andre har skrive det meste som er å seie om vinnaren av NBF-prisen “Årets bibliotek”, nemleg Trøndelag fylkesbibliotek, så her er det berre å gratulere!
Men leggje til at vi trur at prisen til eit fylkesbibliotek no var i rett tid. Som vi alle veit, er mange av fylka ikkje som dei var, noko som også gjeld enkelte av institusjonane som har utgangspunkt i den tradisjonsrike fylkesbibliotek-ideen. Dei fylkeskommunale bibliotekoppgavene har eit tydeleg kapittel også i den nye bibliotekstrategien, men slik verda ser ut i 2020 veit ein aldri kva som kan skje med verken forvaltingsnivå eller styrings-trendar.
Og sjølv om vi har fått fleire storkommunar med styrking av fagkompetanse, er skilnaden mellom store og små bibliotek blitt større. Sjå berre på boka til prisutdelar Jo Straube.
I dagens Dagsavisen (ikkje på nett) går Rina Mariann Hansen, AP sin kulturbyråd, sterkt ut mot Venstres Hallstein Bjercke, som i same avis 1. august annonserte at dei vil foreslå 100 % bibliotek i nybygget til Nye Deichman i Bjørvika i Oslo. Noko vi skreiv om på bloggen. I tillegg lova han «fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua». Men vi gjekk gjennom partiprogramma og fastslo at AP og fleire parti lova varierande grad av styrking av biblioteknettverket i hovudstaden og enkelte nye filialar eller lokalbibliotek, som det no ser ut til (greit nok) å heite i Oslo.
Vi minner om at vi i blogginnlegget også såg på kor mykje meir bibliotek innbyggjarane i Helsingfors har til rådvelde, både i form av nytt, dobbelt så stort hovudbibliotek og dobbelt så mange filialar som i Oslo.
I DA kranglar dei to Oslo-politikarane også om kven som er mest truverdig utifrå tidlegare merittar (også Bjercke var i fleire år kulturbyråd). I denne samanhengen noterer vi ein av dei «beste» eufemismane for valflesk vi nokon gong har sett: Bjerke seier at då han styrte er det «mulig at det teoretisk lå et kutt i lokalbibliotekene langt inne i økonomiplanen». Vi gratulerer!
I Oslo er valkampen i gang, og biblioteket kan faktisk bli ei sak. I Dagsavisen i går las vi at partiet Venstre, om dei kjem i byråd til hausten, vil gå imot at kommunen leiger ut 40 prosent av arealet til private firma. Hallstein Bjercke, Venstre sin tidlegare kulturbyråd, meiner posisjonen sitt forslag til innsparing blir småpengar:
«– Når vi bygger et nytt hovedbibliotek til 2,5 milliarder er det en investering i kultur- og kunnskapsbyen Oslo. Når man leier ut deler av bygget for å tjene 13 millioner i året er det et dårlig regnestykke for kommunen, og det er i praksis å kaste vekk det kulturpolitiske formålet med bygget.»
I valprogrammet sitt vil Venstre «Gjøre nye Deichman hovedbibliotek til et av verdens beste bibliotek», men også «Etablere fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua.»
Heile bygget er på 13 900 kvadratmeter. Når 40 % går vekk til utleige står det att 8 340. Til samanlikning er det nye HB i Helsingfors 16 000 (sjå meir nedanfor) og det nye biblioteket i Århus, Dokk1, som Nye Deichman ofte blir samanlikna med, på 17 500. Så utan dei 40 prosenta blir Nye Deichman berre halvparten så stort.
Dagsavisen har enno ikkje intervjua andre parti om dette, men her på bloggen har vi kikka på alle partiprogramma: