The Lancet – igjen :-(

Skjermbilde 2020-06-04 23.15.00

Likevel enno ikkje avklart om Trump er på jordet. Mike Licht CC BY 2.0

Khrono.no melder i dag om frykt for «forskningsfusk bak omfattende Covid-19-studie». Dei har intervjua direktør John-Arne Røttingen i Forskningsrådet etter «avsløringer som tyder på at en studie som fikk både Verdens Helseorganisasjon (WHO) og nasjonale regjeringer til å stanse en omfattende studie knyttet til behandling av Covid-19 kan være basert på forskningsfusk». Behandlinga det er snakk om er blant anna med malariamedisinen hydroksyklorokin, også kjent som «Trump-medisinen».

Det var The Guardian som rulla opp saka, der fleire alt hadde hatt … … mistankar. Det lille firmaet som sto bak skal blant anna ha ein science fiction-forfattar og ein «adult model» og «events hostess» på lønningslista.

Og studien blei publisert av det svært tradisjonsrike tidsskriftet The Lancet. Men som frå før har ei minst like lite flatterande – norsk – svindelsak på rullebladet. Som elles blei avslørt av ein viss person i nyheitene den siste tida.

Dette kjem kort tid etter at blant anna Morgenbladet oppsummerte kor mykje tvilsam korona-forsking som passerer nålauga i mange tidsskrift no for tida.

2 Trackbacks to “The Lancet – igjen :-(”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: