Det er usikkert om det blir mest strøyming eller fysiske bibliotekarrangement over sommaren, men noko blir det jo. Og kva slags tema vil samle folk no? Det er vel ikkje heilt utenkjeleg at 2. verdskrig i Noreg, jødeforfølgingane og kva i all verda visste heimefronten vil bli etterspurt. Her finst det jo etter kvart eit heilt koppel av forfattarar og potensielle debattantar (noko vi nyleg var inne på). Men mykje tyder på at dei berre vil føre debatten vidare i bokform, eller dei blir så etterspurde at bibliotekbudsjetta ikkje har ein tjangs.
OBS: Marte Michelet kjem no i veke 24 med boka «Tilsvar», ei motbok til motboka til Berggren, Bruland og Tangestuen. Først som e-bok og noko seinare på papir, men ifølgje Klassekampen berre i «et mindre papiropplag»! Underteikna er ikkje lenger oppdatert på kor lett og snøgt sakprosaiske e-bøker er tilgjengelege for biblioteka, men Biblioteksentralen må vel kunne hive seg rundt her? Med begge formata.
Men når det gjeld debattar og i alle fall bokbad finst det alternativ. Svært gode alternativ, vil vi påstå, etter ein seanse vi overvar på Litteraturhuset i Fredrikstad her om dagen. Og som no finst som podcast: «Bokprek: Mattis Øybø i samtale med Richard Aarø».
Det handlar om Øybøs nye roman «Den siste overlevende er død», som ifølgje arrangøren …
… «er en roman om historie – hvordan den fortolkes, fortelles og lever videre i oss alle». Forfattaren nærmar seg dei ovanfor nemnde tema, med fleire. Altså i romanform, men likevel, eller derfor, med eit «historiefilosofisk» perspektiv, som ei viktig utdjuping, om ikkje avsløring, av den pågåande debatten om kven som gjorde kva eller ikkje.
I eit stort intervju med Mattis Øybø i Vårt Land heiter det blant anna: «Det er jo ikke så mange overlevende igjen til å fortelle, til å vitne. Men en konsekvens av det er også at historien står åpen for revisjon, både på gode og dårlige måter. Han ser to tendenser: Mot flere nyanser og større forståelse på den ene siden. Mot forenkling og myte på den andre. Det er konsekvensene av at tidsvitnene er borte. – Ingen kan lenger bruke egne erfaringer, utgjøre et moralsk korreks eller være portvoktere. Nå er det barne- og oldebarnas fortolkninger som skal frem».
PS: Her kjem bloggaren litt på kant med sitt eige prinsipp om å ikkje publisere reklame eller drive med produktplassering osv. For han må vedgå at han her pushar ste-svigersonen sin nyaste roman. Men utan anna motyting enn eit signert eksemplar av boka. Go hælj.
Leave a Reply