Tid for omvend mytekverking

I 1996 gav Norsk Bibliotekforening ut «Bibliotekenes mytekverker», eit ørlite hefte i A6-format, men som Nasjonalbiblioteket faktisk har digitalisert. Dette var då internettet var det store, nye, og foreininga hadde vel særleg behov for å kverke den negative myten at «Ny teknologi vil overflødiggjøre bibliotekene og bøkene» (sjå side 7).

Sidan då har biblioteka hatt standardheving på nokre område. Det har blitt fleire gode biblioteklokale (Tromsø, Bodø, Nye Deichman osv), noko som kan ha betra den allmenne haldninga til biblioteket, ikkje berre i dei aktuelle kommunane. Men så var det dette med biblioteklova som blei oppjustert i 2014. Her tyder mykje på at det har oppstått ein positiv myte. Dette er heller ikkje bra.

Bernhard Ellefsen, ein av dei få relativt aktive kommentatorane i norsk presse når det gjeld bibliotekspørsmål, skreiv i Morgenbladet i førre veke at dei borgarlege kulturministrane har lite å skryte av på litteraturfeltet, men: «Ser man på hvilke tiltak som har hatt effekt gjennom de siste åtte årene, peker for eksempel den justerte folkebibliotekloven seg ut. Den ble riktignok lagt frem av kulturminister Hadia Tajik, men først i årene etterpå har vi sett at det nye kravet til folkebibliotekene om at de også skal være «arenaer for debatt» har skapt nye og viktige kanaler for norsk litteraturformidling».

Med omfattande økonomisk støtte frå Nasjonalbiblioteket og Fritt Ord har det blitt mange fleire arrangement i biblioteka om litteratur og med forfattarar, sjølv om dette …

ikkje var uvanleg i 1996 heller. I 1995 gjekk trass alt nesten kvart femte av Norsk Forfattersentrum sine oppdrag til folkebiblioteka.

Men her på bloggen har vi lenge vore så frie å sjå kritisk på påstandar om at debattane har vore så mange og gode, til skilnad frå andre arrangement som opplesing, foredrag, bokbad osv. Og vi har vore kritiske til den stadige koplinga frå «offentlig samtale og debatt» til at bibliotek skal vere så superviktig for demokratiet. Statistikken for 2019 viser at berre rundt 3 tusen av 63 tusen arrangement var «samtale- og debattarrangement». Og: Dei tre åra før pandemien samanlikna vi her på bloggen statistikktala med bibliotekas eigne møteprogram (stikkprøver) og fann at dei reelle debattmøta ofte var endå langt færre.

Både Ellefsen og andre, ikkje minst sektoren sjølv, treng påliteleg forsking og statistikk om dette. Først då kan ein identifisere problema og oppnå fleire og betre debattar. For, som vi skreiv for eit års tid sidan, gode debattar er krevjande.

PS 1: I går skreiv vi om utfordringane til dei små biblioteka, og dét gjeld ikkje minst på dette området.

PS 2: Pandemien, og Netflix, ser ut til å ha svekka interessa for konsertar. Om dette også gjeld for arrangement i biblioteka, så blir det ikkje enkelt.

One Trackback to “Tid for omvend mytekverking”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: