Lahlum tatt på fersken! ;-)

Dessverre, Lahlum, dei raude bannera var ikkje der i 1973

Vi har tidlegare mått hengje ut Hans Olav Lahlum her på bloggen for å ha utvist lita forståing for eit viktig bibliotek-etisk prinsipp, nemleg når han i krimboka «Sporvekslingsmordet» lar detektiven sin, Kolbjørn «K2» Kristiansen, få gjennombrot i ei etterforsking ved hjelp av lånardata, velvillig utleverte av ein bibliotekar på Deichman. Men noko som berre skal vere muleg etter rettsleg kjenning frå ein domsstol. Og då under sterk tvil.

Dette forstår alle i dag, når personvern er eit så heitt og hyppig tema. Lahlum har ikkje protestert på klagemålet vårt, men han ville kanskje hevda at dette var meir ukjend då dei fiktive brotsverka hans fann stad. «K2-serien» hans er nemleg retro-krim frå tidleg 1970-tal. Og tidskoloritten er tatt på kornet. Særleg dei av oss som opplevde Oslo på denne tida blir effektivt sette attende til desse langsame mobiltelefon- og datanettfrie tidene, då narkotikabrotsverka var litt hasjrøyking i Slottsparken og terrorisme eit framandord i utanriksnyheitene. Og alt går føre seg på tidsriktig, sobert Oslo-Vest-språk, med De og Dem og herr, fru og frøken.

Lahlum er sjølv fødd i 1973 og oppvaksen ved Mjøsa, så Oslo-researchen hans må ha vore omfattande. Så er han også ein av krim-sjangerens absolutte skærpingar. Men likevel går han i baret: For i bok nummer 10 i serien, «Svanemordet» (2020), skriv han om eit vitne som ser eit mordoffer (før mordet finn stad) gå ut av – Nasjonalbiblioteket!?

Men i 1973 var ikkje dette namnet på noko bibliotek i Noreg!

Den første trykksaken …

… med «Nasjonalbiblioteket» i tittelen er truleg frå 1972, men her handlar det om nasjonalbibliotekoppgåver som blei utførte ved Universitetsbiblioteket i Oslo: Grønland, Erling. Nasjonalbiblioteket: en samling artikler».

På UBO på Drammenveien var det då ei «Norsk avdeling» som utførte desse oppgåvene. Berre éin stad, i tillegg til i tittelen, bruker Grønland ordet i bunden form om UBO, som om det skulle ha vore eit parallelt namn på «Norsk avdeling», men så står det utan stor N. Ikkje før i 1989 fekk vi eit nasjonalbibliotek med stor N, og då i Mo i Rana. Først i 1998 blei Oslo-avdelinga av NB oppretta. Dette blei publikumsavdelinga og samtidig «hovudbølet».

PS: Søk på «Nasjonalbiblioteket» i bibliotekets eige Nettbiblioteket gir hundretusenvis treff også i langt eldre bøker, men då er det treff på NB sitt eigarstempel i det skanna eksemplaret eller også i metadata av typen «Elektronisk reproduksjon [Norge] Nasjonalbiblioteket Digital 2020-07-28», som i ei bok frå 1480.

2 Trackbacks to “Lahlum tatt på fersken! ;-)”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: