Etter heile tre blogg-angrep på Hans Olav Lahlum og politiførstebetjent Kolbjørn «K2» Kristiansen ved Oslo politikammer, fekk vi nyleg ei oppringing frå førstnemnde. Kritikken vår har primært gått på at Kristiansen, sterkt påverka av venninna Patricia Borchmann, ber bibliotekarar om utlånsdata knytte til einskilde lånarar, og får dei utleverte, just like that.
– Eg har lese det du skriv med interesse, seier Lahlum, men vil gjerne leggje til at éin ting er lovgjevinga, éin annen praksis. Eg forhøyrde meg faktisk med eit par bibliotekarar på Deichman om korleis ting kan gå føre seg i ein situasjon av den typen eg skildrar i «Sporvekslingsmordet». Dei gav inntrykk av at dei kunne ha handla som bibliotekaren i romanen. Dei fekk boka av meg då ho var klar, og utan å protestere på framstillinga.
– For det andre var reglane uklare og dårleg kjende tidlegare, særleg før den første norske personvernlova kom i 1978, som du også skriv. Denne lova kom som ein følgje av slike uryddige tilstandar. I dag er som kjend merksemda rundt personvern ei heilt anna.
Når det gjeld romanen «Svanemordet», der Lahlum opererer med Nasjonalbiblioteket i Oslo tjuefem år før det blei oppretta, vedgår forfattaren at dette er ein feil som lett kan skje når ein skriv historisk. Han vil sjå om det kan rettast opp i seinare opplag.
Så ventar vi berre på telefonar også frå Ian Rankin, Anders Roslund og Alexander McCall Smith…
Leave a Reply