Når den leiande kulturavisa Klassekampen i si forundring må gripe til det forslitne «bråk på biblioteket», er det på tide å gjere noko. For dei har rett; åtte år etter lovtillegget om «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt» viser både SIAN-hendinga i Oslo i 2020 og no hendinga i Ulstein, at biblioteksektoren framleis er svært usikker på denne rolla.
Torsdag blei fleire biblioteksjefar intervjua og støtta avvisinga, men i dagens avis kjem altså tre andre intervjuobjekt til den motsette konklusjonen; Ragnar Audunson, Leikny Haga Indergaard og underteikna. Sjå også leiaren i Sunnmørsposten.
Heilt sikkert har det skjedd før at bibliotek har avvist, eller tillate, arrangement av same type som Raudt sitt i Ulstein, men kvifor fekk vi ikkje denne debatten då, og internt? Det måtte bli oppslag i ei riksavis før det skjedde.
Saka er utan tvil vanskeleg, men korleis gjere det enklare? Ofte er svaret på slike spørsmål: Studium av røynslene! Men vi kan ikkje sjå at nokon har sett grundig på dette, studert ulike kjende og ukjende hendingar etter ulike typar arrangement, og heller ikkje vellukka praksis. Det nærmaste vi har er vel analysen av statlege intensjonar i offentlege dokument.
Tidsskriftet «Bibliotekaren» gjorde ei enkel spørjeundersøking til små og mellomstore bibliotek i 2019. Denne fortel at få har støtt på store problem, men dette tyder nok dessverre på at dei færraste verkeleg har «våga seg utpå» med skarpe, provoserande debattar.
Vi rekna på det det nyleg: 55 prosent av folkebiblioteka har to eller færre årsverk. Nesten hundre har berre null komma noko. Det er ikkje rart at små bibliotek er redde for å arrangere debattar etter SIAN-episodane, og motigare blir dei ikkje etter oppslaget i Klassekampen torsdag. Dermed blir det mest «ufarlege» bokbad og foredrag.
Dette er kanskje overkill, men kva med eit BFU, «Bibliotekas Faglege Utval»? Omtrent som PFU. Eller noko slikt?
PFU in English: «Norwegian Press Complaints Commission».
PS 5.12.: I alle fall burde folk bruke denne gruppa på Bibliotekutvikling.no: Arrangement: Tips/erfaringer om planlegging og gjennomføring. Det er 168 medlemmar p.t., men berre to innlegg. Fram til at vi no legg inn lenke til «Ulstein-debatten».