Arrangement-angsten: Stadig mindre å halde møte om?

>> 30.11. Oppfølging i Klassekampen, men med motsette konklusjonar.

Etter hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag kan i praksis ein ny standard vere sett for «debattbiblioteket»: Partiet Raudt/Rødt har fått avslag på å låne eller leige rom i biblioteket i Ulstein, der politikar Mímir Kristjánsson ønska å snakke om Forskjells-Noreg. Før dette har den offentleg kjende – likevel omdiskuterte – grensa for scenenekt i biblioteka gått ved dei opne og straffelovsdømde muslimhatarane i SIAN. Men i Klassekampen i dag viser det seg at «Flere biblioteksjefer sier nei til politiske partier som vil arrangere åpne møter i lokalene deres».

Om ikkje kommuneleiinga overprøver det, får vi høyre. Men då er biblioteksjef-abdiseringa frå redaktøransvaret total.

>> Jaggu kom det ikkje på Dagsnytt 18 også

Den tidlegare scenenekt-grensa blei sett då SIAN ikkje fekk halde årsmøte på ein Deichman-filial i fjor, jamfør ordvekslinga mellom to OsloMet-professorar i Bok og bibliotek: Joron Pihl og Ragnar Audunson. Dei var stort sett einige om å avvise SIAN. Men Audunson avslutta likevel slik: …

… «En helt annen sak er at bibliotekene bør være svært varsomme med scenenekt. Strømninger som gjør seg gjeldende i samfunnet, må som hovedsak kunne gjenfinnes på biblioteket. Biblioteket realiseres som demokratioppdrag ved å gjøre alle sider ved en sak tilgjengelige, slik at myndige borgere kan danne selvstendige meninger. Her vil vi rett og slett stå overfor vanskelige vurderinger der det ikke er noen fasit. Men i dette konkrete tilfellet tror jeg Joron Pihl og fagforeningene på Deichman har rett» (fagforeiningane på Deichman er prinsipielle motstandarar «av å slippe til rasisme og hat på arbeidsplassen». Min merknad).

Men no skal grensa gå ved lovlege politiske parti? Same kor lite krenkande temaet er? (nokre ville bli krenka av Kristjánsson sitt tema, sjølvsagt).

Parallellen avisredaktør – biblioteksjef har vore eit haldepunkt i desse debattane til no. Men ei avis har ikkje berre redaksjonelle spaltar, men også debattsider (som i dag tar stadig meir plass, for innlegga er jo gratis for avisa!). Moss, bloggarens heimby, hadde lenge ein nummer-éin-avisredaktør som berre unntaksvis sleppte til innlegg frå ytre venstre. Men det var før mi tid i byen (33 år no). I redaksjonelle saker utløysast sjølvsagt tilsvarsrett etter kritikk mot namngitte personar eller organisasjonar, men på debattsidene har det aldri vore krav om samtidige tilsvar eller motinnlegg.

Er dette eit problem: Raudt den eine dagen, og FrP den andre? Men så bibliotek-initierte debattmøte med utgangspunkt i tema som har vore oppe? Mangfald, høyrest dette ut som. Om Raudt (eller FrP eller kven som helst) ønskjer møte om kjernesakene sine kvar veke, blir det noko anna.

Og skal grensa gå ved politiske parti? For eit par år sidan var vi på eit bibliotekarrangement der ein tidlegare diplomat i Saudi-Arabia snakka om den nye boka si. Dette burde vore eit debattarrangement, men var førebudd som eit uskuldig bokbad. Denne boka kom på Gyldendal. No høyrer forfattaren heime på Document.

2 Trackbacks to “Arrangement-angsten: Stadig mindre å halde møte om?”

Leave a Reply