Kva gjer vi med gråsonene rundt «debattbiblioteket»?

Gode bibliotekdebattar er viktige. Her frå Göteborgs stadsbibliotek hausten 2019

Det er åtte år sidan lovrevisjonen som gjorde folkebiblioteket til «en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt». Det kom til nokre lokale konfliktar, men dei løyste seg på eit vis, slik at lova «fekk gått seg til». Trudde vi. Men for to år sidan fekk vi «SIAN-saka» i Oslo, no før jul «Ulstein bibliotek versus Mímir Kristjánsson», og her om dagen «small» det i Lindesnes, der ei lokal kristen foreining ikkje fekk halde møte fordi dei ikkje hadde «debatt med en nøytral ordstyrer», ifølgje blant anna Fædrelandsvennen 5. februar.

Problema i desse tre sakene var ikkje påtenkte verken i den optimistiske lova eller førebuingane, så det er ikkje rart at biblioteksjefar kan bli usikre. Kven veit kor mange liknande døme det har vore rundt i landet, og angsten for å trø feil er nok litt av grunnen til at talet på faktiske debattar framleis er lågt.

Men Nasjonalbiblioteket gjorde ikkje saka klarare då dei 17. februar på Bibliotekutvikling.no delte ein spørsmål-og-svar-runde frå Stortinget. Bakgrunnen er saka frå Lindesnes:

Spørjaren, KrF-aren Olaug Bollestad poengterer, heilt rett, at i lova er det «ingen krav om nøytralitet». I staden ser det ut til at biblioteket i Lindesnes har laga eigne retningslinjer, men med tillegg som ikkje har heimel i lova eller forarbeida. Og Bollestad ber om Trettebergstuen si tolking av lova på dette punktet.

Men ministeren svarer ikkje på dette, …

… ho slår berre inn opne dører om uavhengig møteplass og at «Det er biblioteksjefene selv som er ansvarlig for sin programmering, og de har en slags redaktørlignende rolle».

Ministeren omgår altså gråsoneproblemet. Då blir ikkje Nasjonalbiblioteket si deling av svaret hennar det minste opplysande. Med slike gråsoner kunne ein venta at dette nasjonale organet for bibliotekutvikling i staden samla debattrøynslene og analyserte stoda etter dei åtte åra.

PS 1, men eit viktig PS: Lenge før svaret til Trettebergstuen var det lokale problemet løyst ved at bibliotekkafeen, ifølgje Idag.no, skal bli «fysisk skilt av etter bibliotekets åpningstid». Men ikkje berre biblioteksjefar, men også kommuneleiingar og politikarar, og biskopar!, kan nok trenge ei offentleg avklaring om gråsonene, for i Lindesnes tyder mykje på at det lokale utvalet for drift og forvaltning overkøyrde biblioteksjefen som redaktør.

PS 2: Til dette med nøytralitet og bibliotek: I 2016 stilte vi, saman med blant anna Mariann Schjeide, R. David Lankes, Joseph Good og Mikael Böök, det (leiande) spørsmålet – og svarte: «Det nøytrale biblioteket? Ja – og nei!»

One Trackback to “Kva gjer vi med gråsonene rundt «debattbiblioteket»?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: