Gratis lydbøker! Men …

Det går likevel fantastisk bra for den norske lydbokbransjen. Klikk og kikk

«Jeg synes faktisk det er urettferdig at bransjen i et velstående land som Norge ikke kan tilby publikum et lite utvalg gratis lydbøker». Dette kunne vore sagt av kven som helst bibliotekar i norske folkebibliotek, i frustrasjon over at bransjen og Kulturdepartementet ikkje maktar, eller ønsker, å få til ein betre modell for lydbokutlån i biblioteka.

Men han som seier det er russaren Nikita Volgin i eit intervju med VG i går. Det handlar om eit pirat-tilbod for nedlasting av norske forlagsutgjevne lydbøker. Han har «lagt ut tusenvis av lydbokkopier på nettsider som etterligner de norske lydboktjenestene» (det siste er vel ikkje heit rett, for strøyming er det ikkje snakk om. Dei få bøkene vi har kikka på …

… ligg der som opptil fleire mp3-filer, og lydmessig fungerer det heller ikkje optimalt. Ikkje har dei app for lytting på mobil heller).

Her på bloggen sa vi alt for tre år sidan at tida var «inne for «sivil lydbok-ulydnad»»: Vi meiner «biblioteka bør opplyse, instruere og tilby utstyr og programvare så folk kan lage sine eigne lydbøker». Av tekstar som har falle i det fri og bøker av forfattarar som ønsker å kome ut med lydbøker. Det er trass alt berre drygt to tusen norske lydboktitlar i dag, og det aller meste er bestseljarar, krim og underhaldning. Eigenproduksjon kan også bibliotek stå for, ved innlesing eller talesyntese. Dette har på ny vore eit tema på lista Biblioteknorge i førre veke.

På bloggen har vi gått god for tenester som Sci-Hub, som legg ut forskingsartiklar gratis i protest mot visse internasjonale storforlag som tener seg verkeleg søkkrike på arbeid forfattarane utfører som ledd i lønna arbeid ved universiteta. Dette betyr mykje for utviklinga av forsking, særleg ved universitet, sjukehus osv. i alle dei landa som ikkje har råd til å betale dei høge prisane til forlaga.

Underteikna vedgår at han har større sympati for forfattarar av skjønnlitteratur, men med praksisen til forlaga deira må dei rekne med slike mottrekk.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: