Sommarmodus framleis i bloggredaksjonen, og det kjem inn småplukk som vi kanskje ikkje ville publisert når det haustlege alvoret trengjer seg på. Som dette med underjordiske krigsbibliotek, norske småbybibliotek som turistmål og nyord i biblioteknorsk.
Apropos mikrobibliotek Eit heilt spesielt eitt var i ein t-banestasjon som blei brukt som tilfluktsrom i Bethnal Green på Londons austkant under siste verdskrigen. No har det kome ein roman, The Little Wartime Library, der handlinga finn stad i og rundt biblioteket og der to bibliotekarar er hovudpersonane. Mykje i boka skal byggje på verkelege hendingar. Bloggaren skal vel lese henne, kanskje. Har nemleg vore på biblioteket, i 2002, det «overjordiske». Det er eit restaurert klassisk bibliotek i bydelen Tower Hamlets, meir kjend for sine Idea Stores.
Bibliotek som turistmål Alle veit at Nye Deichman vil vere eit stort turistmål i Oslo i fleire år framover (eg kjenner fire danske ikkje-bibliotekarar som alt har vore der). Men i avisa Telen kan vi lese at også Notodden bibliotek er i denne klassa. Sjå bileta.
Nyord i biblioteknorsk. I Morgenbladet (truleg bak betalingsmuren) skriv dei om at «Hver tredje bibliotekansatt i Sverige har vært utsatt for vold eller trusler om vold det siste året». Dei viser til saka i Bok og bibliotek nyleg. Men ein ekstra grunn til å minne om dette MB-oppslaget er forbundsleiar i Bibliotekarforbundet Veronicha Angell Bergli, som har denne gylne vendinga (bra! Eg er svak for slikt): – Dette er et gyllent spark bak til å ta tak igjen og se hvorvidt bibliotekansattes trygghet følges opp og er satt på agendaen (mi utheving). Søk på A-tekst viser at både NTB og NNP har «sparka» dette vidare, til fleire aviser. Men før dét var uttrykket berre brukt éin gong, om ein tydelegvis nyrik fotballspelar i Westham. Og då i Vårt Land.
Til slutt litt skryt til Helge Ridderstrøm ved OsloMet som ustoppeleg oppdaterer Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier.
Leave a Reply