Folkebiblioteket etter det svenske valet?

Kor vil svenska högern rette kanonane? Denne tilhøyrer Carl 16. Gustaf

Alt før det endelege resultatet er klart i riksdagsvalet skriv Biblioteksbladet, organ for Svensk Biblioteksförening, om dei negative følgjene for biblioteka: «Sölvesborg var en föraning om det som kommer nu».

Sverige har i fleire år no hatt riks- og lokalval same år og dato, og redaktør Thord Eriksson kan vise til at ytre høgrepartiet deira, dei såkalla Sverigedemokraterna, har fått endå fleire representantar også i mange kommunestyre. Det vil føre til, skriv han: «… både ingrepp i biblioteksplaner, begränsning av litteratur på vissa språk, bråk om …

… regnbågsflaggor och motstånd mot viss programverksamhet och konstnärlig verksamhet. Idén om vad ett folkbibliotek är och står för kommer att utmanas på den kommunala nivån – och vad SD:s nyvunna position i riksdagen och i förhållandet till M, KD och L kommer att innebära vet vi ännu inte».

Svenskane har ikkje ein redaktørplakat på akkurat som måte her i landet, men Eriksson følgjer same prinsipp, at bladet blir redigert uavhengig av eigarane. Han opnar for at morsinstitusjonen ikkje blir like klar som han: «Det blir intressant att höra vad som sägs då och av andra personer och organisationer med koppling till bibliotekssektorn». Og minner om bibliotek-nesten-skandalen i den US-amerikanske bibliotekforeninga ALA då Trump var vald i 2016.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: