Bibliotekturisme i hovudstaden

Bloggaren er også natur- og kulturbokforfattar (nokre ti-tals eksemplar er igjen å få kjøpt!). Og arrangør og røynd reiseleiar av bibliotekstudieturar i inn- og utland. Her om dagen blei det ein kombinasjon av desse to typane verksemd:

Klikk for stort bilete

Det starta på Deichman i Bjørvika (1), der Framtidsbiblioteket, The Future Library, finst på femte høgda (2). Du kan også klikke på QR-koden om du treng meir informasjon (3). Så tok Frognerseterbanen oss opp i skogen, og etter eit par kilometer peika dette skiltet (4) til Framtidsbiblioteket – igjen! Etter litt såg vi denne «filialen», der dei dyrkar grantrea (5), som frå og med år 2114 (jaudå!) skal bli til papir for trykking av bøkene i dette biblioteket (om det framleis finst boktrykkeri – og folk som vil/kan lausrive seg frå skjermar og chips i hjerneborken). Under denne turen får vi også nokre peik langt attende (6). Turen, på omlag 8 kilometer (7), inneheld også døme på det utvida kulturomgrepet (8) og ein av dei aller beste utsiktene over Oslo, frå sjølvaste «Vettakollens brem» (9). Det er ein del røter og laus stein, særleg på nedturen, så finn fram dei beste turskoa.

PS 3.10.22: Litt apropos: I Vagant nr. 2 skriv Ragnhild Lome om korleis Ebba Haslund mot slutten av krigen på ei hytte i Eggedal skreiv noveller om natta og grov dei ned i Norgesglass utanfor hytta. Til krigen var over.

Lome avsluttar slik: «Tankene går til beretninger fra krigsherjede byer i Ukraina, hvor bare eldre sivile er igjen. Byer fulle av rynkete og beinskjøre kropper. I lys av Haslunds noveller begynner man å tenke at disse kroppene har en kraft i seg, de også, som til vanlig ikke er så tydelig. Hvem vet, kanskje ligger det allerede nedgravde historier om disse kroppenes daglige virke et sted under Ukrainas solsikker, som tålmodig står og vaier i vinden mens de venter på bedre tider».

One Trackback to “Bibliotekturisme i hovudstaden”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: