Oppsnappa i veke 41

Britisk hjartevarme i biblioteka

SKRIVEDUGNAD for Kongressbiblioteket. Prosjektet heiter By The People og handlar om å tyde og taste inn handskrivne brev og dokument så dei kan bli søk- og lesbare for historikarar og andre interesserte. Arbeidet blir typisk konsentrert om avgrensa prosjekt, til dømes dei etterlatne dokumenta etter borgarretssaktivisten Rosa Parks.

BOKLOVA. Du kan påverke boklova, seier den nye redaktøren av Bok og bibliotek, Arne Olav Hageberg, på nettsida til bladet: «Innrettinga på boklova vil til dømes kunna påverka kva som er mogleg å få til framover når det gjeld formidling av lydbøker i bibliotek». Eit tema vi også har skrive ein god del om her på bloggen.

BIBLIOTEK = VARMESTOVE. Cilip, det britiske bibliotekdirektoratet, på eit vis, har laga ei rettleing for bibliotek når dei skal opne for bustadlause og andre som går i fare for å fryse. Fleire hundre tusen husstandar på øya vil måtte velje mellom «heating and eating», heiter det. For mange bibliotek er ikkje dette noko nytt, og rettleiinga inneheld «best practise» frå nokre av desse. Dette kan også bli ein realitet her i landet. Bibliotekaktivisten og twittraren @wylie_alan kommenterer ironisk: «Poor people who can’t afford to turn their heating on, sitting in Public Libraries that can’t afford to turn their heating on, run by Library Workers who can’t afford to turn their heating on is the new levelling up vibe».

NYTT DEBATTBIBLIOTEK PÅ KARL JOHAN. Uniforum skriv om at UiO «Åpner ny debattarena». Det handlar om det restaurerte Domus Bibliotheca på vestsida av Universitetsplassen i Oslo sentrum. Dei har fått seg skreddarsydde lokale for møteverksemd og skal der vidareføre debattserien «Ubehagelige samtaler». 

One Trackback to “Oppsnappa i veke 41”

Leave a Reply