Kor går biblioteksongsjangeren?

Skjermbilde 2020-03-22 23.24.55

Biblioteksongdiktar Tore Berger syng i eit bibliotek

Det er helg og ein må inniblant slappe av oppi alt Korona-alvoret. Med biblioteksongar. Lesarane av denne bloggen kjenner til mange songar, dikta av bibliotekfolk med lyriske talen … ambisjonar. Dei aller fleste svært bibliotekpolitisk korrekte. Men faktisk har også seriøse artistar prøvd seg i sjangeren. Her kjem tre av dei; to norske og ein svensk.

Lenge gjekk «Du må ha ei bok for å finne gleden» for å vere landets beste biblioteksong, men denne er også ganske prydeleg og trad. Finn Evensen (Bjelleklang) gjorde låta, men Trond Granlund gjorde henne kjent under opninga av Lørenskog bibliotek sine nye, flotte lokale i 2011. De finn teksten på side 9 i Bibliotekforum nr. 5 frå 2011.

Men så tipsar medbloggar og bibliotekaktivist Mikael Böök meg i dag om ein skikkeleg lang og god bibliotekballade!: «Upplands Väsby bibliotek 1887 – 2015». Ex-proggrockar Tore Berger er ansvarleg for tekst, melodi og framføring. Her får vi ein spydig versjon av heile livshistoria til eit konkret bibliotek i ein forstad til Stockholm! Utgangspunktet for songen er at biblioteket har visse problem, blant anna med kombinasjonsbibliotek og at lokala er på andre høgda, i alle fall var dei det i 2015. Og det ser ut til at dei i dag berre delvis har kome ned på gateplan.

Blant alt som skjer gjennom dei 17 versa, er det enkelte ting som er spesielt interssante for oss her i landet, som til dømes …

den svenske bølgja med arbeidsplassbibliotek, som vi såg lite til her. Men det var ikkje alltid heilt enkelt:

FriInfo_HoolaBB

Ein kunne tenkt at dette var bibliteksongar. Men LP-omslaget var i alle fall gjort av Tore Berger!

På stora arbetsplatser blev nu utlåningen het
Men det var Marabou som undanbad sig fortsatt verksamhet
Direktionen fick rapporter om produktionsproblem
när chokladsmeten förstördes av tappade poem

Det mest dramatiske i denne bibliotekhistoria var vel at taket ramla ned ved eit høve! Dramatikk på linje med det dei sliter med i Larvik no for tida. Når får dei bibliotek igjen, etter brannen? Og Koronaen? Bør nokon dikte ein song om Larvik bibliotek?

Noko eg reagerte på etter at både Sverige og Finland blei med i EU etter 1994, var korleis folkebiblioteka der blei ukritiske reiskap for å EU-tilpass. Det var eigne avdelingar og utstillingar i biblioteka med offisielle EU-dokument, heilt frie for EU-kritisk materiale:

Och inför folkomröstningen om EU-medlemskap
får anställda gå kurser i europavetenskap
Ett centrum skapas särskilt för samhällsinformation
som förbereder medborgarnas integration

Og så forstår vi at dette er eit kombinasjonsbibliotek med eit gymnas – VGS. Og at skolen blir privatisert? Då kjem New Public Management også til biblioteket:

Och efter några år kommer borgarna tillbaka
med skolprivatiseringar och annat att bejaka
Så småningom så inför man prestationsfinansiering
där besöksantal och boklån blir en tvingande hantering

Ein sjanger å byggje vidare på!

Til slutt kjem vi på noko verkeleg sprøtt:

Bare Egil (Hegerberg) Band si vise om «Norges 3. beste bibliotekar». Han tillet seg det meste. Blant anna å bløffe om at han er faren til dei to fotballstjernene Ada og Andrine Hegerberg! Om han er far til ein bibliotekar, veit vi ikkje.

 

 

 

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: