Signalsprik om boklova

Ein kan spørje seg om vitsen med ny boklov når dei oppveksande generasjonane ikkje kjem til å lese bøker, jamfør Anne B. Ragde i Dagbladet 13. februar. Men mange kjem i alle fall til å strøyme lydbøker, så dette største mediale skiftet sidan e-boka (som ikkje blei så skilsettande som mange spådde), må sjølvsagt bli sentralt i arbeidet med denne lova. Annleis kan ein vel ikkje tolke kulturminister Trettebergstuen: Boklova skal «sikre forutsigbarhet, bredde og kvalitet og sørge for at folk i hele landet har tilgang til et mangfold av litteratur».

Dette er til forveksling likt formålsparagrafen i den gjeldande boklova frå 2013. Slike mål skulle ein tru ikkje var mulege å nå utan biblioteket, men institusjonen er ikkje nemnd med eitt ord i lova. Ifølgje medieforskar Georg Arnestad i Bok og Bibliotek nr. 2, 2012, blei verkefeltet den gongen innsnevra til «korleis detaljistprisen for bøker skal fastsetjast». Dette var, ifølgje Arnestad, mykje på grunn av ei omfattande utgreiing departementet hadde tinga frå to professorar, dei som sidan har dominert heile feltet, medrekna den offisielle norske gåveboka til den internasjonale bok-eliten då Noreg var gjesteland under bokmessa i Frankfurt i 2019. Og der biblioteket som litterært verkemiddel blei alvorleg ignorert.

Men denne gongen er kanskje ikkje dei to så sentrale? Det får berre dei vite som tilhøyrer «organisasjoner som melder interesse og som synes relevante». Då får ein «anledning til å møte hele arbeidsgruppen». 

I alle fall kjem det visse signal om at lova KAN få meir med bibliotek å gjere:

  • I Bok og bibliotek peikar Aslak Sira Myhre «… på at det ikkje er tilfeldig at det er han som er beden om å leie utreiingsarbeidet mot ei ny lov. At det er eg som nasjonalbibliotekar som har fått i oppgåve å leie dette arbeidet, er eit signal frå regjeringa».
  • Same stad: Statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann i Kulturdepartementet: «Den nye boklova vil styrke biblioteka … men akkurat korleis vil vise seg når arbeidet med boklova er kome lenger».
  • Og minister Trettebergstuen i Bok365.no: «Jeg er opptatt av å se på de litteraturpolitiske virkemidlene, for eksempel at innkjøpsordningen for sakprosa ikke er like god som den for skjønnlitteratur. Norge er et lite språkområde, opptatt av at vi har politiske virkemidler som sørger for et mangfold av litteratur ut på markedet og ikke minst inn i bibliotekene der folk bor».

Men i det aller siste forsøker både forleggjarane og forfattarane å tvinge biblioteka ut i ei smal, museal og papirbasert bakevje. Dei er freidigare og verkar meir sjølvsikre enn nokon gong. Kva er dette for eit signal?

Kulturminister Trine Skei Grande meinte i 2019 at lydbokutfordringane til biblioteka kunne løysast politisk. Ho tok nok feil.

På epostlista biblioteknorge kom det så ei oppfordring til biblioteka om å bli meir sjølvhjelpne på innhald. Biblioteka må «være mindre som «dagligvarebutikk»,- opptatt av distribusjon og konsum. Det må bli mer som «kjøkken», – et sted for tekstproduksjon». Talesynteser blir stadig betre, ikkje berre på verdsspråka. Vi kan enkelt lage eigne lydbøker, i første omgang av bøker som har falle i det fri og av forfattarar som ønskjer å nå folk via biblioteket. Vi presenterte nokre metodar for tre år sidan: «Tida inne for «sivil lydbok-ulydnad»!

4 Responses to “Signalsprik om boklova”

Trackbacks

Leave a Reply