Archive for ‘Bibliotekstatistikk’

mai 8, 2023

Bibliotekstatistiske realitetar, men …

Etter at eg for ei veke sidan erklærte meg i hovudsak ferdig med bibliotekblogginga, må eg likevel følgje litt med, for eventuelt å kunne bidra no og då. Men eit kompromiss med meg sjølv som eg har kome til, er at eg vil skrive éin bloggpost i veka. Maksimum. Og då må det vere noko viktig.

Denne veka fekk vi kunnskap om ein rapport frå Innlandet fylkesbibliotek om “tilstanden i norske folkebibliotek etter revidering av bibliotekloven i 2014”. Dette er eit viktig initiativ, så lenge ikkje NB eller andre gjer noko.

Forfattarane legg stor vekt på samanlikning mellom dei nordiske landa, og skilnadane er som dei har vore i mange tiår:

“Til tross for økt besøk og økt aktivitet ved norske folkebibliotek, ligger vi langt etter Sverige, Danmark og Finland. Rapporten viser en klar sammenheng mellom antall årsverk i folkebibliotekene og antallet besøk/utlån per innbygger (iflg presentasjonen). 

Desse tre elementa er vel greitt samanliknbare mellom landa. Men kva med det som ikkje står i dei nasjonale statistikkane? Til dømes bøkene m.m. frå den statlege innkjøpsordninga, som for mange små bibliotek kan bety halvparten av tilveksten, og dermed innby til låge kommunale løyvingar. I Sverige har dei noko liknande, men så vidt eg veit mindre omfattande. I DK og FI veit eg ikkje.

Og: Eg finn ingen ting om bruken av nb.no, eller lat oss seie Bokhylla.no, og påverkinga denne tenesta må ha på det fysiske utlånet, for ikkje å seie fjernlånet. Verken her eller andre stader får vi nokon kunnskap om bruken av denne tenesta, anna enn at ho er blitt for dyr. Og dét må jo bety at ho er omfattande.

Men også besøket er dårlegast i Norden (arrangement er ikkje med i samanlikninga).

Konklusjonen blir litt sprikande (side 19):

“Basert på funnene i denne rapporten kan vi slå fast at krisen i de norske folkebibliotekene – slik den ble beskrevet av utvalget bak Kulturutredningen og Ragnar Audunson – ikke var reell” (mine lenker).

Likevel heiter det: “I perioden 2013 til 2021 har de kommunale bevilgningene til bibliotek gått gradvis ned. Dette gjelder for alle de tre indikatorene vi har målt folkebibliotekenes ressurser på; “antall årsverk”, “mediebudsjett” og “folkebibliotekenes andel av kommunens totale driftsutgifter til kultur”. Det er alvorlig og bekymringsfullt”.

 

januar 17, 2023

Finsk nedtur: – Bara en av tre använder längre bibliotekens tjänster

Også utlånet går ned. Skjerm- dump frå artikkelen i Hbl

Etter fleire års framheving her på bloggen av Finlands sterke satsing på folkebibliotek særleg frå 1990-talet, er det mildt sagt overraskande å lese Hufvudstadsbladet i går: «Under de senaste 15 åren har boksamlingarna i de offentliga biblioteken krympt med ungefär 9 miljoner böcker. Samtidigt har finansieringen minskat och bara en av tre finländare använder längre bibliotekens tjänster».

Forklaringa er ikkje ukjend for oss i Noreg: «Nya fritidsaktiviteter har kommit i stället, den tid som folk förr lade på läsning lägger de nu på till exempel digitalt spelande, nätet, sociala medier … ».

Men vidare: «Det är särskilt studerande och högre och lägre tjänstemän som övergett biblioteken, medan pensionärer och långtidssjuka lånar allt mer». Dette er vel ikkje heilt som i Noreg, i alle fall ikkje for oslostudentane sin del.

Vi har før sagt at vi ikkje trur på nasjonalbibliotekaren når han snakkar om ein gullalder for biblioteka, men ifølgje den siste SSB-spørjeundersøkinga i eit konona-upåverka år (2016) hadde trass alt 46 prosent vore på eit bibliotek dei siste 12 månadene (rett nok mot 54% på topp i 2004, side 30), men likevel betre enn i Finlands ca. 30% i dag. Så får vi sjå på neste norske kulturbarometer.

>> Nytt 19. januar: Nasjonalbiblioteket melder no frå ei undersøking at 47 prosent hadde vore på eit folkebibliotek dei siste tolv månadene. I tillegg hadde 7 prosent brukt biblioteket «berre» digitalt.

januar 10, 2023

Deichman nest dårlegast på utlån

«Deichman med knalltall for utlån i 2022 … Deichmanbibliotekene lånte ut over 1,2 millioner bøker i fjor». Dette er overskrifta og litt frå ingressen til ei sak i Dagsavisen i går. Og vidare framgår det at «Det innebærer en økning på om lag 100.000 utlån sammenlignet med normalåret 2019». For 2020 og -21 var jo spesielle med mykje pandemistengt.

No føreligg enno ikkje statistikken for andre kommunar eller for heile landet for 2022, men om vi ser på statistikken for 2019, som Deichman rett nok har trumfa no, så låg Oslo på nest siste plass blant norske fylke. Og med 2,25 førstegongs utlån per innbyggjar, mot 2,8 på landsbasis. Høgast var no samanslåtte Sogn og Fjordane med 3,4.

Det skjer mykje veldig positivt ved Deichman for tida, men Oslo har lang tradisjon på å vere langt frå norsktoppen når det gjeld utlån, så der har dei noko å jobbe med.

I den omtrent like store byen Helsingfors var utlånet 9,4 millioner i 2019, rett nok ikkje berre fysiske bøker.

Men så litt meir bibliotekstatistisk sløvsinn, denne gongen frå sjølvaste NTB, sjølvaste SSB og Bok365.no:

read more »
september 28, 2022

«Kampen om tiden»

«- Går mot storseier for fagbevegelsen», heiter det i Fri Fagbevegelse: «Nå kan retten til heltid bli lovfestet. Jobber du ufrivillig deltid? Snart blir det svært vanskelig for arbeidsgiverne å spekulere i små stillingsbrøker, fastslår Trine Lise Sundnes (Ap)».

Dei slår fast at «deltidsarbeid er eit problem» i sektorane «helse- og omsorg, i varehandelen, for hotell- og restaurantansatte og i utdanningssektoren». Men kva med bibliotek?

Om du klikker på «Rådata» i bibliotekstatistikken får du fram at folkebiblioteka i 2021 hadde 2463 tilsette som til saman berre utførte 1837 årsverk. Det blir gjennomsnittleg 0,74 prosent stilling per hovud. 68 av 356 kommunar har under éi stilling ved biblioteket, det blir kvar femte kommune! Men det kan vere endå verre, for vi har ikkje tatt med dei 10 som av ein eller annan grunn er oppførte med 0. Vi kunne ha sett på kor mange tilsette det er i kvar av dei 68 + 10 kommunane, men det finst grenser på ein sein onsdagskveld.

Søk på «bibliotek» i ledige stillingar på Finn.no i dag, 28. september 2022, viser at 9 av 79 er deltids.

Så dette kan bli meir enn spennande. Det kjem vel snart noko frå dei aktuelle fagforbunda.

juli 12, 2022

Bibliotekbrukeleg mangfald

I tillegg til Nasjonalbiblioteket sin folkebibliotekstatistikk og «befolknings- undersøkelsen 2022» (på tittelbladet: «Landsrepresentativ brukerundersøkelse Juni 2022») publiserer no Statistisk sentralbyrå (SSB) at «71 prosent av barn mellom 9 og 15 år med innvandrer- bakgrunn hadde vært på folkebibliotek i løpet av et år. Blant barn i hele befolkningen var det en lavere andel, 58 prosent, som hadde vært på folkebibliotek». Dette kjem frå rapporten Kulturbruk blant personer med innvandrerbakgrunn, ein tilleggsrapport til Norsk kulturbarometer 2021.

I rapporten kan vi også lese at bibliotek «var det mest populære kulturtilbudet blant personer med innvandrerbakgrunn. Derimot var det en betydelig lavere andel som benyttet seg av folkebibliotekenes digitale tjenester, med 17 prosent».

SSB-rapporten har fått dekning viktige stader, blant anna i Utrop og Forskning.no. I rapporten finn vi også ei nyttig «Tidslinje koronatiltak for kultur 2020-2021», sjå side 101.

mars 26, 2022

Bibliotekbesøk er uavhengig av «vejret»

Er heller ikkje snøvêr på Grünerløkka i Oslo ei hindring for bibliotekbruk?

Ny undersøking frå Dronningriket: «Besøgstallene bliver styret af ugedagene uanset om solen skinner, det sner eller blæser».  

Det er Fagmagasinet til det danske Forbundet Kultur og Information som melder dette. Dei siterer driftsansvarlig på folkebibliotekernes fælles statistikløsning, FAKTOR. Ho er overraska:

– Især, at vi ikke kunne se noget på besøgstallene er ret vildt. Jeg havde helt klart en forventning om at kunne se en lille sammenhæng, når det for eksempel stormer voldsomt. Men det fortæller os jo bare, at biblioteksbrug er så integreret en del af vores hverdag, at vejret ikke har nogen indflydelse.

Men ho meiner likevel «at undersøgelsen kan bruges. – Vi havde håbet på, at vi kunne støtte op om for eksempel vagtplanlægning. Nu handler det måske mere om at få udryddet den opfattelse, at det er vejrets skyld, når der ikke kommer nogen».

desember 16, 2021

Nytt syn på biblioteket

Kor høgt blir fallet? Skulpturell framstilling av utlånsauken ved Sarpsborg bibliotek, frå ? til 1929.

Nyleg skreiv vi om at «Kvar fjerde bibliotekbrukar er vekk» under pandemien. Dét var i Danmark. På SverigesRadio kan vi høyre og lese at også der har utlånet gått ned under pandemien, og «När det fysiska rummet stängs ner påverkar det hela synen på biblioteket som tillgängligt och möjligheten att låna». Ifølgje Olof Sundin, professor i biblioteks- och informationsvetenskap ved Lunds universitet.

Mange kan ha konvertert til e-bøker og lydbøker, noko dei offentlege biblioteka framleis har dårleg tilgang til, andre har kome til at Netflix og sofaen er det tryggaste, mens andre igjen har rett og slett gløymt biblioteket! Til dømes unge lånarar som fekk brukt få år på å skape gode bibliotek-vanar innan mars 2020.

Det blir nok litt back to start, ja.

desember 6, 2021

Kvar fjerde bibliotekbrukar er vekk

Bloggaren fotograferte i Dokk1 i Århus i 2018

Dette gjeld i Danmark, ifølgje SøndagAften. Særleg kino og konsertar har tapt publikum i løpet av Koronaen, «hvorimod bibliotekerne er sluppet mest nådigt igennem og kun har mistet 23 procent fysisk besøgende».

Slik kvartalsvis statistikk har vi ikkje her i landet, og først til sommaren vil vi vel kunne samanlikne med den gamle normalen, 2019. Då får vi sjå om noko av grunnen kan vere at andre, ikkje minst digitale, bibliotektilbod har tatt over? Eller har Netflix, HBO osv. gjort oss til notoriske stovegrisar? (English: Stay-at-homers)

PS: Det danske «bibliotekarforbundet» melder samtidig at staten har «afsat midler til etablering af et nyt Kulturens Analyseinstitut med 4 millioner kroner i 2022 og 8 millioner kroner årligt i 2023-2025. Instituttet skal understøtte mere viden om kulturbranchens forhold og kulturens betydning for borgernes trivsel blandt andet med afsæt i evidens- og forskningsbaserede undersøgelser. Kulturens Analyseinstitut etableres som et uafhængigt institut, og yderligere rammer og formål skal drøftes i starten af 2022».

februar 10, 2021

«Digi-lånet» under nedstenginga

Berre ved å «blåse opp» kan vi ane at talet på brukarar auka med 29,3 %, men dette er teknisk skralt
av eit nasjonalbibliotek!

Nasjonalbiblioteket har lagt ut ein kort rapport om «Bruk av Nettbiblioteket på nb.no i 2020». Ikkje overraskande er auken stor, ikkje berre under nedstenginga, då også nyare innhald var fritt tilgjengeleg, men for heile året under eitt; 41 prosent auke samanlikna med 2019. Det viktigaste er vel likevel at mange fleire fekk augo opp for denne tenesta, og kanskje også for biblioteka generelt? Dette bør nokon grave i. Hei, forskarar og masterstudentar!

Men: Enkelte bibliotekarar vi har snakka med seier no at fysisk både besøk og utlån har gått ned dei siste månadene. Om det stemmer, kva kjem det av? Koronarisikoen? Lydbokoppsvinget? Netflix og seriesløvsinnet? Nettbiblioteket?!

Og: Korleis vil tala om NB-bruken i 2020 kome fram i bibliotekstatistikken og ikkje minst i KOSTRA, som er det politikarane les?

oktober 25, 2020

Latterleg kulturindeks

Igjen og igjen er Røros «landets kulturkommune». Ifølgje Norsk kulturindeks, eit produkt frå Telemarksforskning, som særleg lokal- og regionpressa elskar å lage oppslag om kvart år på denne tida. Vi har ingenting imot Røros, dei har jo mykje bra kultur.

Men ein kan jo stille spørsmål straks ein bryt kommunetala ned på dei 11 kategoriane, til dømes på bibliotek, og finn berre éin by blant dei 20 på topp, nemleg Hamar. Og når vi på fylkesnivå ser at trønderane audmjukar møringane og romsdalingane med fem gongar så høg score! Sjå illustrasjonen. Eller for å seie det slik: Kva er vitsen?

juni 22, 2020

Det er greit at folkebiblioteket er ein kulturarv-institusjon, men …

Skjermbilde 2020-06-22 20.47.48

Bibliotekteknologi anno 1970-talet. Frå Informatikk- biblioteket ved UiO sitt lille museum

Vi skreiv tidlegare i dag om ein av følgjene av å ikkje utføre grundige analysar av statistikkdata frå folkebiblioteka. Endå eit teikn på at bibliotekstatistikk er blitt eit venstrehandsarbeid finn vi på side 109 i Kulturstatistikk 2018 (og tilsvarande i heftet for 2017 og 2016 osv, i alle fall tilbake til 1986). Då var det heilt naturleg, men i 2018-heftet skriv dei framleis om utfordringa med bibliotek som har «fotomekanisk utlånssystem» (mikrofilm + holkort, eventuelt foto også av lånekort)! Då måtte dei ta stikkprøver for å kunne innrapportere utlånsstatistikk.

Starten på den ganske brå slutten på historia om slike system og overgangen til digitale integrerte biblioteksystem i norske folkebibliotek fann stad i alle fall i 1982 om ikkje tidlegare (sjå side 23 ff).

juni 22, 2020

Overforenklinga av Bibliotek-Noreg

Skjermbilde 2020-06-22 20.05.20

Bloggaren har aldri hatt hjarte til å fotografere i triste norske bibliotek, derfor dette frå Rostock, DE

Etter den brutale senkinga av bokbåten Epos 9. juni leverte Audun Lysbakken (SV) straks eit skriftleg spørsmål til kulturminister Abid Raja (V) «om han i statsbudsjettet for 2021 vil gjeninnføre et statlig, øremerket tilskudd til mobile bibliotek, som blant annet bibliotekbåten Epos vil kunne få støtte av?».

Raja svarer først at dette er det for tidleg å svare på, men i resten av svaret, som er eit ganske klart nei, grunngir han det slik: «Selv om antallet mobile bibliotekavdelinger har gått ned i perioden etter at øremerket driftstilskudd ble avviklet, er det lite som tyder på at bibliotektilbudet i kommunene har blitt dårligere. I forbindelse med evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2015-2018 oppgav hele 54 prosent av befolkningen at de hadde brukt folkebiblioteket det siste året» (våre uthevingar).

Logikken må vere: Bruken på landsbasis aukar, og vi må då tru at folk med lang veg og/eller dårlege offentlege kommunikasjonar til biblioteket, blant anna også ungar, eldre og sjuke, får det dei treng. For regnar det på presten osv.

Så enkelt er det ikkje, men Raja skal kanskje ikkje klandrast, for han veit sjølvsagt ikkje …

read more »

mai 6, 2020

Dårlegast i Norden

Skjermbilde 2020-05-06 15.06.53Det er ingen sensasjon at norske folkebibliotek er dårlegast i Norden. Men i denne ferske rapporten «Folkbibliotek i Norden», utgitt av Kulturanalysnorden.se, får vi det «gnidd inn» skikkeleg. Til dømes diagrammet ovanfor som viser talet på årsverk per bibliotek i dei ulike landa (GL = Grønland og AX = Åland). Men denne seier kanskje mest om kor mange små kommunar med små bibliotek vi har, spesielt samanlikna med DK, FI og SE.

Det er ingen omfattande rapport, og det meste er typiske «KOSTRA-tal», som går meir på kvantitet enn kvalitet. Ein kan verkeleg lure på vitsen med ein slik publikasjon med eit fokus omtrent som i førre hundreåret, no når det faktisk skjer ein del nytt i biblioteka.

Tabellen nedanfor viser pengebruken i biblioteka, som heller ikkje får …

read more »

mars 10, 2020

Jättebra om NPM

På Bis-bloggen i går skreiv Nick Johnson Jones ei innhaldsrik og utfyllande, men høgst lesbar sak: «En berättelse om tjänstepersonen och NPM». Altså New Public Management.

Har ikkje tid no til å gje denne ein fortenestefull omtale, men du bør bruke 15-20 minutt på å lese denne om du har tenkt tanken at måten dei offentlege velferdstenestene blir styrte på, til dømes folkebiblioteket, ikkje er ideell. Som at fokuset på utlån og besøk er så stort, jamfør Sunniva Evjen og Ørjan Persen i Klassekampen i går.

Dette er den tredje bloggposten vår med taggen NPM.

mars 9, 2020

«En litt breiere diskusjon av hva det innebærer at bibliotekene er ‘demokratihus’»

Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag tar utgangspunkt i Ørjan Persen sin kritikk av departementa sin bruk av tal for bibliotekbesøk i den nye bibliotekstrategien, som vi her på bloggen forsøkte å gjere dei ansvarlege merksame på for ein snau månad sidan. Det kom, som vanleg, ingen respons, men i dag må dei faktisk svare i Klassekampen.

Avisa intervjuar først bibliotekforskar Sunniva Evjen ved Oslomet, og ho seier seg langt på veg einig med Persen: «Det er grunn til å gå tallene etter i sømmene for å se hva som kan gjøre at de er så ulike».

Avisa spør Evjen om det har vore ei einsidig satsing på arrangement: «Det kan hende. Det har vært en nødvendig satsing, samtidig som at det å satse på arrangementer kan skygge for en del andre behov, som kompetanseutvikling hos bibliotekarene, oppgradering av samlingen eller å sikre gode lokaler for ulike aktiviteter … Jeg ønsker en litt breiere diskusjon av hva det innebærer at bibliotekene er «demokratihus». Det er ikke bare arrangementer og debatt som danner grunnlag for det».

Jau, de på ABI på OsloMet har forskarar og kvart år nye masterstudentar som kunne gjere delar av arbeidet og sikre eit godt fagleg nivå. Tenkjer eg.

Klassekampen har også intervjua dei ansvarlege, Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartementet, men om dei hadde noko å melde kunne dei imøtegått Persen meir konkret.

PS: På Bibliotekutvikling.no svarer Nasjonalbiblioteket velvillig på alle innlegg og spørsmål, men enno ikkje på det eg skreiv om dette 20. februar. Det er framleis muleg for NB å utdjupe forsvaret sitt for talbruken her.

Translate »