30. januar skreiv vi om det eksklusive intervjuet som det tyske tidsskriftet BuB – Forum Bibliothek und Information – fekk med IFLAs sitjande president, tyske Barbara Lison, i samband med skandalen i organisasjonen. Som ho meiner slett ikkje er nokon skandale. Ho meiner derimot at BuB og svenske Biblioteksbladet og nokre andre organ som har gjort seg så fri å skrive om dette, er sterkt å kritisere: «Dei skuldingane som Biblioteksbladet har framsett mot leiinga i IFLA er alvorlege og i diametral motseiing til IFLAs verdiar» (vår omsetting).
Det ikkje lite spesielle med dette intervjuet med leiaren for verdas bibliotekorganisasjon er at ho sette som vilkår for å stille opp til intervju at BuB ikkje skulle dele det med andre redaksjonar for re-publisering og/eller omsetting til andre språk. Det har BuB heller ikkje gjort, men underteikna og redaktøren for svenske Biblioteksbladet fekk pdf-utgåva og siterte frå det og omtalte det i førre veke. Og når Bub i dag har lagt intervjuet på nett, kan kven som helst lese det på sine eigne språk, til dømes ved hjelp av DeepL (no også til norsk), Google Translate el. liknande.
Merk: Det er ikkje mykje ho vil seie, og slett ikkje vedgå. Akkurat no er det viktigast å få fleire i og utanfor IFLA og bibliotekmiljøet til å setje seg inn i saka. Tre tidsskriftredaksjonar og eit par-tre bloggarar, er ikkje nok. Derfor endå meir diametrale motseiingar og med store bokstavar, Frau Lison.
Leave a Reply