
Kva gjer ein bibliotekbloggar ein søndag ettermiddag i februar når hopprennet er slutt (der vinnaren vel(?) har fleire litterære gen enn nokon annan i sportsverda)? Jo, til dømes gjer bloggaren nokre mållause søk på nb.no, det norske Nasjonalbiblioteket sin store base med digialisert materiale av ulike slag. Og oppdagar blant anna at av dei p.t. 49 584 digitaliserte radioprogramma er det treff på «bibliotek» i 128 av dei. «Deichmanske bibliotek (Oslo) 150 år. Intervjuer med avdelingsbibliotekarene» er eit innslag på snautt 13 minutt som stod på programmet 12. januar 1935. Her kan vi mellom skraping og susing høyre stemma til sjefsbibliotekar Arne Arnesen (kjend for fleire generasjonar bibliotekarar for sin norske versjon av Deweys Klassifikasjon). Og når utlånssjef Alf C. Melhus (etter 5 minutt og 50) blir spurd om den mest populære faglitteraturen, får vi det saklege svaret at «efter reserveringene å dømme skal det visst være Hitlers Mein Kampf».
Just like that. Men det ville vore feil å ikkje ha boka, slik det også er i dag. Og på den tida var «Innen Høyre … folk mer positive til Adolf Hitler enn til Vidkun Quisling og NS», jf. Trond Nordby i Norgeshistorie.no. Og blant anna «Aftenposten sviktet da avisen gjennom mesteparten av 1930-årene av redsel for kommunismen gikk langt i å forstå og forsvare det som skjedde i Adolf Hitlers Tyskland», jf redaktør Trine Eilertsen 3.10. 2019.
Ei anna oppdaging denne søndagen er at ein kan søkje og få treff på ord i tekstane også i dei over 29 000 dokumenta i den digitaliserte brev- og manussamlinga. Så handskriftene er altså OCR-lesne, så godt det lar seg gjere i 2023. Her fann eg 9 treff på «Moss». Henrik Ibsen sitt brev til Suzanna 22.9.1895 er, som alltid frå den mannen, svært lett å tyde, mens Edvard Munchs brev til Harry Fett er verre. Men breva er altså OCR-lesne, så berre last ned uleselege brev og tekstar (den lille nedoverpila oppe til høgre), merk innhaldet og lim det inn i ein tekstbehandlar. Slik får ein til dømes vite litt om Munch sitt opphald i Gøteborg i 1933, blant anna at han der «Så og talte ikke med noget menneske i 14 dage. Sligt hjælper og jeg håber det skal bli folk af mig tilslut».
Leave a Reply