
>> Teksten er litt justert og forkorta på nokre punkt 12.2. 19.50.
7. februar kom på eit svensk fagforum for bibliotekarar den første vantru reaksjonen på påstanden at ukrainske bibliotekarar no kasserer russiske bøker i milliontal. Kjelda var Euractiv.com. Men vi fann saka også hos Newsweek, og dei var i tvil: «Has Ukraine Banned 19 Million Russian Books From its Libraries?» Dei skriv at påstanden «is missing important context».
Eit anna tal som er nemnt er 11 millionar. Rykta varierte også om kva slags litteratur som er eller skal bli fjerna. Men Newsweek oppsummerer: «Utan ytterlegare informasjon kan vi ikkje vite om alle dei forbodne bøkene var av russiske forfattarar eller handla om Russland, om 19 millionar separate bøker ble forbodne eller kor stor del av dei russiskspråklege bøkene som vil bli erstatta av ukrainske utgåver».
>> I områda der russarane har tatt kontroll, har også dei drive utreinsking i bibliotek, då av pro-ukrainske bøker og på ukrainsk språk.
Men alt 23. mai i fjor blei det publisert (på ukrainsk) på Interfax-Ukraina ein svært omfattande plan om kassering av ikkje berre pro-russisk litteratur, men det aller meste russisk, medrekna klassikarane, i alt 100 millionar bøker. På engelsk finst det ei forkorta utgåve på nettstaden til det ukrainske Institute of Mass Information.
Detaljane nedanfor er vår eiga (og DeepL) si omsetting av store delar av teksten frå Interfax-Ukraina. Det meste er eit intervju med Oleksandra Koval, sjefen for Ukrainas bokinstitutt, og ho gjekk altså mykje lenger enn rykta nesten eitt år seinare (sjå også DeepL-oversetting til svensk (pdf)).
Forklaringa kunne vore at dei har moderert seg i ettertid, men vi ser få teikn på dette. Tvert imot tyder ein fersk reportasje i The Times – «On the front line of Ukraine’s cultural de-Russification» – på at planen for tida blir gjennomført til fulle.
Direktøren seier at «først og fremst antiukrainske bøker med imperiale fortellingar og propaganda for vold, pro-russisk og sjåvinistisk politikk [blir] fjerna frå offentlege bibliotek.
«Den andre runden … vil omfatte …
… bøker av russiske samtidsforfattarar utgitte i Russland etter 1991. Sannsynlegvis av ulike sjangrar, medrekna bøker for barn, kjærleiksromanar og detektivhistorier. Dette er eit tydeleg krav i tida. Sjølv om eg forstår at dei kan være etterspurde».
På spørsmål om denne prosessen inneber å fjerne dei såkalla russiske klassikarane frå biblioteka, sa direktøren at det er mange motstandarar i denne saka, men etter hennar syn har ingen gitt nokre argument for kvifor dette ikkje bør gjerast.
«Vi las alle desse bøkene, i skoleåra mine var det ein solid russisk klassikar som blei sett på som høgdepunktet i verdslitteraturen. Fordi vi hadde ein ganske middelmåtig kunnskap om verdsklassikarane, satt mange av oss igjen med trua på at uten denne litteraturen er det faktisk umuleg å utvikle intellekt og estetiske sans, å vere ein utdanna person. Dette stemmer faktisk ikkje,» sa Koval.
Etter synet hennar var det russiske diktarar og forfattarar som Alexander Pusjkin og Fjodor Dostojevskij som «la grunnlaget for den “russiske verda” og russisk messianisme».
«Dette er faktisk veldig skadeleg litteratur, det kan verkeleg påverke folks synspunkt. Derfor er den personlege meininga mi at desse bøkene også bør fjernast frå offentlege bibliotek og skolebibliotek. Dei bør sannsynlegvis bli verande i universitets- og forskingsbibliotek slik at ekspertar kan studere vondskapens og totalitarismens røter,» sa Koval.
«Eg trur det vil bli skrive mange fleire vitskapelege refleksjonar og studium om korleis dei russiske klassikarane påverket russaranes mentalitet og korleis det indirekte førte til ei så aggressiv haldning og forsøk på å dehumanisere alle andre folk i verda, medrekna ukrainarar».
«Etter mi meining er det viktigaste hinderet i prosessen med å fjerne litteratur ikke forsvar av Tolstoj, men dei enkle, økonomiske, men samtidig forståelege interessene til bibliotekarar». Her viser ho til ordninga at bibliotekarar får løn i samsvar med utlånstala.
Så får Koval spørsmål om «Kva med offentlege bibliotek i utlandet? Sidan det er svært sannsynleg at Russland har jobba for å fylle dei med sine historier?
«- Den ukrainske staten kan ikkje påverke dette direkte. Men det finst eit publikum som kan gå til kva som helst lokalt bibliotek og krevje at visse bøker blir fjerna. … I løpet av krigens første dagar appellerte vi også til verda, til ulike institusjonar, om ein fullstendig boikott av russiske bøker i verda. Mange støtta boikotten, men han fikk ikkje mykje støtte blant utanlandske bibliotekarer. Derfor må vi fortsette diskusjonane med dei.
>> 3. mars i fjor skreiv Mikael Böök her på bloggen om «What librarians are saying about the war in Ukraine».
I tillegg er det eit flott initiativ frå Ukrainas førstedame, Olena Zelenska, kalt Den ukrainske bokhylla. Dette er eit initiativ som tar sikte på å gje dei nasjonale biblioteka i kvart land eit utval av dei 100-150 beste bøkene som er valte ut av ekspertar».
>> Kulturbyen 20. desember 2022: «Ukraina gir bokgave til Deichman».
Det er også snakk om balansen mellom språka, det er trass alt mange i Ukraina som har russisk som hovudspråket sitt. Direktøren får blant anna spørsmålet: «- Vil det ikkje bli nokre endringar i denne saka, vil forlaga halde fram å kunne trykkje russiskspråklege bøker?»
«- Vi er eit demokratisk land, vi kan publisere på alle språk. Det einaste språklova fastset er at om ei bok blir utgitt på russisk, må like mange eksemplar bli utgitt på ukrainsk. Kanskje er det gjennomføringa av denne lova som har ført til ein betydeleg reduksjon i talet på russiskspråklege publikasjonar. Det løner seg tydelegvis ikkje for forlaga å trykkje to utgåver, så dei trykkjer berre den ukrainske utgåva».
PS: Om språk i Ukraina på Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) i Oslo: «Befolkningen i Ukraina er satt sammen av flere befolkningsgrupper. De største av disse er ukrainere (77,8 %) og russere (17,3 %). Det offisielle språket i Ukraina er ukrainsk, og det er oppgitt som førstespråket til om lag to tredeler av befolkningen. Omtrent en tredjedel av befolkningen oppgir russisk som sitt førstespråk, uavhengig av om de identifiserer seg som ukrainere, russere eller andre. Det er også en stor andel ukrainere som kan russisk som et av fremmedspråkene sine». Og hos Reuters: «Russian plays still a large role in business, culture and the media. And it is still very widely spoken in many cities, including Kyiv, although the use of Russian has been increasingly restricted».