Rikspress(e) på «debattbiblioteket»

Frank Rossavik sin kronikk i Aftenposten, knipsa i det definitivt stillaste biblioteket i Oslo, Nasjonalmuseet sitt.

No uroar faktisk rikspressa seg over folkebiblioteket, ikkje minst Aftenposten. I oktober hadde Knut Olav Åmås ein av sine vektige kronikkar: Ro er den nye rocken. Og her om dagen var det Frank Rossavik med tittelen Før skulle bibliotekene være stille. Nå er de pålagt å ta inn bråk. Motseiingsparet ro versus uro i biblioteket er i overført tyding hos begge; det går på tradisjonelt utlån av bøker (som minkar) versus alle dei «nye tenestene» og dermed «debattbiblioteket». Noko mange no meiner er meir utfordrande enn nasjonalbibliotekaren vil ha det til.

Rossavik er mest konstruktiv, der han aktivt støtter seg på det ferske nummeret til Bok og bibliotek (BoB), med fleire artiklar om emnet. Den innleiande saka i BoB-nummeret, Bibliotekenes debattdilemma, handlar om Norsk Bibliotekforening si nylege spørjeundersøking til alle biblioteka i landet. Denne avslører sprikande meiningar og at mange er usikre.

Som er ille nok, men det som ikkje blir poengtert, verken av NBF, i BoB eller av Rossavik, er at under halvparten av biblioteka svarte. Er det sannsynleg at dei som ikkje har svart er blant dei sikre og nøgde?

Ei betre undersøking er den som Elin Golten gjorde i doktoravhandlinga si. Men resultatet er det same; særlig dei små, men også mellomstore og nokre større bibliotek, manglar ressursar, kompetanse og guts til å arrangere debattar, i alle fall ikkje skarpe, gode debattar.

Men det kjem etter kvart idéar om korleis ein kan løyse problemet. BoB-redaktør Hans Olav Hageberg skriv i leiarartikkelen sin:

«Bygg redaksjonen. Det er mitt enkle svar på spørsmålet om korleis ein skal bli det gode debattbiblioteket. Er det fleire tilsette ved biblioteket, må dei bygga felles redaksjonell kompetanse. Reis på kurs på Institutt for journalistikk, les bøker, tilsett ein journalist, eller hyr inn vaktsjefen i di lokale avis på neste internseminar. Er du leiar? Bygg eit miljø med flat struktur, felles refleksjon og stor takhøgde. Er du åleine? Lag regionale nettverk, skaff deg eit redaksjonsråd med journalistisk kompetanse representert, der de bygger ein felles gefühl». 

NBF-undersøkinga oppsummerer at «75 prosent … mener tydelige retningslinjer er det viktigste for å gjøre biblioteksjefen tryggere i redaktørrollen». Og Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk, i det nemnde nummeret av BoB (side 6), går inn for ein redaktørplakat for biblioteksjefar. Dette har vore tema før, faktisk alt på det aller første seminaret om den «nye» lovformuleringa i 2014, men ingen har følgt det opp.

Sjølv trur vi dei mange ulike situsjonane og dilemma som oppstår, og som både NBF og Golten dokumenterer, vil krevje ein svært omfattande katalog med retningslinjer.

På bloggen har vi vore inne på ideen om ein slags nasjonal organisasjon som set opp debatt-turnear, omtrent som Riksteateret (finst det framleis?). Men viktigare, og større engasjement, trur vi det blir om ein kan skape debattar om vanskelege lokale saker, slike som folk ergrar seg over at berre finn stad i formannskap og kommunestyre. Eller på investorars styrerom. Og kanskje på destruktive sosiale medium. For fire år sidan lista vi opp nokre slike debattmøte som har funne stad.

Nokre fylkesbibliotek gjer noko med det. I Viken har dei noko på gang, med ein to-dagars konferanse om «bibliotekenes rolle som demokratihus»? Og dei ser ut til å ha nådd fram til politikarane.

2 kommentarer om “Rikspress(e) på «debattbiblioteket»

  1. Takk til Anders Ericson for oppfølging av dette viktige emnet her på bloggen. Men eg må korrigera ein ting. Når det gjeld trua på ein redaktørplakat for biblioteksjefer, så er den ganske sterk hjå meg. Så der les Ericson meg litt feil. Kanskje kom det uklart fram i samanhengen det sto i, men her er noko av det eg skriv om dette i leiaren min (det første med referanse til då eg sjølv jobba i folkebibliotek):

    «Vi leikte med tanken om at biblioteket vårt burde bli det første i landet som proklamerte at vi slutta oss til Redaktørplakaten. Eg tenkjer framleis at vi kunne gjort det. Kanskje kjem det finjuss inn i biletet. Men først og fremst handlar dette om biblioteksjefar si rolleforståing.

    Som Vebjørn Selbekk har eg tru på det å utvikla ein redaktørplakat for bibliotek …»

Leave a Reply