Lyttbare, men ufullstendige lydbøker

Hovudsaka på kultursidene i Klassekampen 23. juni var: «Ønsker mer lyttbar sakprosa»Som aktiv lydbokbrukar gjennom mange år, var det godt å lese at NFFO-leiar Arne Vestbø slår eit slag for meir sakprosa på dette mediet. Eit presist og godt slag mot forleggjarane var det også. Dei gjer det for enkelt for seg med den sterke dominansen av krim og seriebøker. Annan skjønnlitteratur blir gjerrig utposjonert, så det ikkje skal sjå for ille ut. Og i strøymetenestene sine «sakprosahyller» fyller kjendisbiografiane godt opp.

>> Dette trykte avisa som lesarinnlegg 10. juli. Så høyrer vi kanskje noko frå forlag og/eller forfattarar, til skilnad frå førre gongen eg tok det opp?

Vi veit at lydboka rekrutterer nye «lesarar» og at ho dekker behov der papirboka kjem til kort. Og det kjem ut viktig og velskriven populærvitskapeleg litteratur som hadde trengt det løftet lydboka kunne gi han. Berre eit lite utval av denne litteraturen kjem altså som lydbok, men skal forlaga ha håp om verkeleg å nå sakprosa-interesserte med lydboka, må blant anna noko heilt konkret på plass, nemleg fot- og sluttnotar og litteraturlister. På éin eller annan måte.

Ta eit par døme på norsk sakprosa eg har lytta til i det siste, …

… biografien om Georg Johannesen av Alfred Fidjestøl og “Et land på fire hjul – Hvordan bilen erobret Norge” av Ulrik Eriksen. Begge papirbøkene har viktige notar og litteraturlister, biografien har i tillegg eit personnamnregister pluss foto av nokre av måleria hans frå den éine av dei to separatutstillingane som har vore med han. Men ingenting av dette er det spor av i lydbøkene. 

Det er faktisk teknisk muleg å få til både fot- og sluttnotar. NLB, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, har det med i innlesingane sine av blant anna akademisk litteratur, for folk med diagnostiserte lesevanskar. 

Men kvifor ikkje i det minste informere til slutt på lydbøkene om at slikt ligg på nettet? På forlaget si heimeside. Enkelt og greitt.

Det finst også skjønnlitteratur med viktige tillegg, men som manglar i lydbøkene, til dømes Tom Egeland sin spenningsserie om arkeologen Bjørn Beltø. Bak i kvar av papirbøkene har han fleire sider om kva som er fakta og kva som er oppdikta, men ikkje i lydbøkene. I vår falske-fakta-tid er dette uforståeleg, Aschehoug.

Leave a Reply