Kva med eit SKILTSTUNT i 2025?

Dette skiltet stod i fleire år ved fylkesveg 119 og peika til det litt bortgøymte Rygge bibliotek, før innflyttinga i nye lokale i ungdomsskolen for ni år sidan. I dag kan ingen unngå å sjå biblioteket (opphavet til skiltet var mangeårig biblioteksjef og humørspreiar Svein Bendik Hansen (1949-2011)).

Kva om fleire bibliotek følgjer opp stuntet? For å vise at det faktisk ER eit bibliotek nær deg!

Men for mange er det verkeleg langt til det nærmaste biblioteket. For avstandane har sjølvsagt auka når vi veit at i 2023 var det 633 folkebibliotek i Noreg, mot 1263* i 1974. Altså ei halvering på femti år..

Så hadde ikkje brukarane protestert så kraftig mot nedlegging av Rygge bibliotek no i haust, kunne folk i småbyen Larkollen (1540 innbyggjarar) sett opp eit spydig skilt om 13908 meter til nærmaste bibliotek, i Moss sentrum.

Men det finst sjølvsagt endå lengre avstandar frå tettstader til nærmaste bibliotek. Bruk gjerne kommentarfeltet for å dokumentere slike døme.

PS: Og kva med slike skilt på litt overraskande plassar? Ved fotballstadion? Felleskjøpet? Badestranda? Og med QR-kodar som lenkar til Google-kartet og viser vegen. Og opningstidene.

  • Statens bibliotektilsyn: Årsberetning 1975.

Leave a Reply