>> 3.feb kl 14.45: Meta sletta dette på FB når eg delte det på to FB-grupper for bibliotekarar. Med grunngivinga: «Innlegget bruker kanskje villedende lenker eller innhold for å lure andre til å besøke eller bli på et nettsted». Interessant. Kan vi stole på Facebook og Meta?
Kva er den fjernaste kjelda til Mossevassdraget? Også for såkalla kunstig intelligente program burde dette vore svært enkelt å svare på. Eit DuckDuckGo-søk eller liknande gir lenker til fleire leksika med rette svar. Til dømes svarer Lokalhistoriewiki presist: «Rundvann (242 moh.) og Smalvann (247 moh.) i Østmarka». Altså i Oslo (i tillegg er resultatet av ein omfattande ekspedisjon til kjelda nyleg publisert på nettet).
Men kva er svaret frå ChatGPT?
«Den fjernaste kjelda til Mossevassdraget er Øyeren, nærare bestemt bekkar og småelvar frå dei nordlege områda av vassdraget. Mossevassdraget startar i Øyeren, der Glomma slepper ut vatn. Men om vi ser etter den aller fjernaste kjelda, må vi følge Glomma heilt opp til Aursunden i Røros, sidan dette er den opphavlege kjelda til vatnet som til slutt renn ut gjennom Mossevassdraget og vidare til Oslofjorden ved Moss. Om du meiner den fjernaste kjelda innanfor sjølve Mossevassdraget (utan Glomma), er det truleg småbekkar i høgareliggande område rundt innsjøane som Hobølelva drenerer, som t.d. områda ved Lyseren eller Mjær i Viken».
Heilt på slutten nærmar dei seg, men elles er dette slikt som alle grunnskoleungar aust for Langfjella ville avvist på det sterkaste.
Og kva svarer DeepSeek?
«Den fjernaste kjelda til Mossevassdraget ligg ved Mossevannet i Lillestrøm kommune i Akershus fylke i Noreg. Mossevassdraget er eit viktig vassdrag i området og renn gjennom fleire kommunar før det munnar ut i Glomma. Vassdraget har fleire tilløp, men Mossevannet vert rekna som den primære kjelda».
Korleis kan dei ta så inni hampen feil? DeepSeek diktar også opp eit vatn som ikkje finst.
Ser vi her forsøk frå USA og Kina på å forvirre kvarandre med falske geografiske data?! I DDR lagde dei falske kart over blant anna Østersjøkysten for å forvirre fiendar og potensielle flyktningar i eigne rekker. Og no som avisene har krigsoverskrifter kvar dag …
