Om Trump, demokratiet, kunnskapen, biblioteket …

Her eit døme på LGBT-info som dei ikkje heilt har sletta, men lagt på eit statleg arkiv, men der det er vanskeleg å finne. Klikk og sjå.

Dei rå realitetane under trumpismen har vi heldigvis god tilgang til her i landet, der også hovudstraums media er kritisk. Her på bloggen hadde vi fleire innlegg i den førre Trump-perioden, der vi peika på sensuren og andre sørgjelege tendensar. 

Den nasjonale bibliotekforeninga, ALA, har særleg fokus på høgrepolitikarane og dei evangelisk kristne sine kampanjar mot «upassande» litteratur, særleg I skolebiblioteka. Men samanlikna med for åtte år sidan, «er det eit anna miljø no, og kongressmedlemmar på begge fløyene føler presset frå ein høglytt minoritet av borgarar som ønskjer kontroll over kva som er tilgjengeleg for alle i lokalsamfunna deira».

Denne gongen er Trump betre førebudd og har alt ein flokk lojale funksjonærar, og sikkert kunstig intelligens, som er i full gang med blant anna å slette alt innhald på statlege nettstader som kan tolkast som kritisk til det nye systemet eller representerer avvik frå dette. Noko som vil bli eller alt er råka, er innhald som er positivt til miljø og grønn utvikling, jf ei sak på CNN. Men som sist, i 2016, er det no dugnadar på gang for å lagre kopiar av slikt materiale, særleg på Internet Archive, den private basen som i årevis har lagra nettstader frå heile verda.

Elles ser vi på danske Søndag Aften at viktige museum i USA, som Smithsonian, brått har tilpassa seg dei nye signala frå Det kvite huset. Dei har avslutta det dei hadde av såkalla DEI-program (diversitet, likskap og inkludering). 

PS: Ein sterkt Trump-kritisk kommentator som dei siste dagane er mykje delt, men enno ikkje nok, er journalisten Chris Hedges. Tittelen på dette intervjuet er ganske enkelt Democracy doesn’t exist in the United States.

Leave a Reply