11. juni skal regjeringa sleppe det dei kallar «verifiserbart koronasertifikat». Noko liknande har dei røynsler med i dronningriket i sør, men ikkje berre positive i første omgang. Vi skreiv om dette 7. mai, like etter at dei hadde tatt det i bruk. Nokre av dei som av ulike, og til dels gode grunnar, ikkje hadde slikt pass når dei kom til biblioteket kunne kome til å bli forbanna når dei ikkje fekk kome inn. Mykje ekstra arbeid blei det også med vakt i døra til kvar tid.
Såpass mykje skriving blei det om dette at styresmaktene påla å ta stikkprøver i staden. Slike kan «udføres ved én daglig stikprøvekontrol af alle tilstedeværende personer, der er undergivet krav om coronapas». Dette skal starte opp «primo juni». Som er no.
Med berre eit snev av svartsyn kan ein tenkje tanken at å kaste ut bibliotekbrukarar kan vere vel så utriveleg som å stoppe dei i døra. Men før danskane har prøvd det, skal vi ikkje måle nokon på veggen.
Men her i landet har vi enno ikkje høyrt eitt ord om korleis koronasertifikatet skal eller kan brukast i biblioteka. Høie seier at …
Les mer «Kva med biblioteka og Høies koronasertifikat?»













