Kva med biblioteka og Høies koronasertifikat?

Nakstad på biblioteket

11. juni skal regjeringa sleppe det dei kallar «verifiserbart koronasertifikat». Noko liknande har dei røynsler med i dronningriket i sør, men ikkje berre positive i første omgang. Vi skreiv om dette 7. mai, like etter at dei hadde tatt det i bruk. Nokre av dei som av ulike, og til dels gode grunnar, ikkje hadde slikt pass når dei kom til biblioteket kunne kome til å bli forbanna når dei ikkje fekk kome inn. Mykje ekstra arbeid blei det også med vakt i døra til kvar tid.

Såpass mykje skriving blei det om dette at styresmaktene påla å ta stikkprøver i staden. Slike kan «udføres ved én daglig stikprøvekontrol af alle tilstedeværende personer, der er undergivet krav om coronapas». Dette skal starte opp «primo juni». Som er no.

Med berre eit snev av svartsyn kan ein tenkje tanken at å kaste ut bibliotekbrukarar kan vere vel så utriveleg som å stoppe dei i døra. Men før danskane har prøvd det, skal vi ikkje måle nokon på veggen.

Men her i landet har vi enno ikkje høyrt eitt ord om korleis koronasertifikatet skal eller kan brukast i biblioteka. Høie seier at …

… det «ikke skal brukes til å sette begrensninger. Det skal brukes til å gi lettelser. For eksempel at man kan delta på større arrangementer enn hva som er tillatt uten bruk av koronasertifikat». Dette er då ikkje heilt enkelt å omsetje til biblioteksituasjonen?

På dei biblioteka underteikna har vore på etter opninga her i det såkalla Viken, har vi berre sett enkle skilt om å halde avstand og bruke munnbind, og på eit bord ved inngangen har vi møtt ei spritflaske og ei liste ein skal skrive seg inn og ut på. Og to koppar med reine pennar i den eine og ureine i den andre. Men ingen vakt nokon stad og elles ikkje peikefingrar å sjå.

Men kan det bli nytt regime 11. juni? Då må vi vel høyre noko om det snart?

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: