11. mars var det slutt for bibliotekaren, journalisten, forlagsredaktøren og pådrivaren Live Slang, etter kort tids sjukdom. Etter fleire års samarbeid i ulike samanhengar kan vi seie at ho var eit av få menneske vi har hatt berre positive erfaringar med. Men ikkje fordi ho var av den «runde» typen, Live var klok og handlekraftig.
I biblioteksamanheng var den viktigaste innsatsen hennar redaktørjobben i Bok og bibliotek i nesten seks år, frå nummer 6, 1986, til nummer 2, 1992, med permisjon det året ho redigerte den viktige bokserien «Århundrets bibliotek». Bok og bibliotek hadde fram til då vore statleg «korrekt», typisk for den tida, med Statens bibliotektilsyn (SB) som utgjevar, direktøren som ansvarleg redaktør og konsulentar i SB som utøvande. Men Live var det som starta rørsla i retning av redaksjonell oppfrisking, ubunde redigering og tilslutting til Redaktørplakaten.
Denne redaktørgjerninga er ikkje nemnt i nekrologen i Klassekampen i dag. Der kan vi i staden lese at ho jobba i «Bibliotekforeningen», noko som må vere feil. I Norsk Bibliotekforening står likevel ein stol ledig etter henne i utvalet deira for litteraturpolitikk.