I den svenske småbyen Flen tar biblioteket i bruk koronatrygg teknologi når dei no opnar igjen. Og dei lanserer dette på TikTok.
Frå svensk-norsk ordbok: Utplåning = utsletting
Biblioteket har fleire tiktoks i denne slakke stilen.
Noko å bli inspirert av her i landet? I Nittedal har dei hyra inn ungdomar til dette. Bra!
Også i ein av dei største norske byane har biblioteket prøvd seg, men der må dei lære seg skilnaden på å og og. Det er jo særleg barn og ungdom under norskopplæring som bruker denne kanalen!
Dette ser ut til å bli ein kort bloggpost. Om det ikkje er meir å melde om Flen på ein lat fredag i juni? Og det er det:
Ein av verdas beste svenske limerickar har Flen som location:
En ful gammal gubbe i Flen
var försedd med ett ihåligt ben.
När han gick, denne fuling,
och spatsera´ i kuling
så hördes “Nocturne” av Alfvén
Og, om bloggaren vågar å vere litt personleg, så har han faktisk ei fleirfaldig tilknyting til dette! Grandonkel Edof var gift med Anne-Marie Elise Alfvén (Mika, blant venar og familie), dottera til bror til den store komponisten Hugo Alfvén. Underteikna sitt klassiskmusikalske alibi er altså rimeleg tynt, men betre enn ingenting. Jazz-alibiet er ikkje stort betre: Eg sat ein gong i ein sofa i Oslo der Billie Holiday hadde sete åtte år tidlegare.
Anne-Marie var elles bibliotekar, blant anna biblioteksjef i Danderyd i si tid.
Og limerickdiktaren, Hasse Alfredson, fekk vi faktisk gjort eit intervju med då han var sytti.
Leave a Reply