Er du stengjeglad?

I Bergen var dei for tre år sidan ekstra stengjeglade på biblioteket. Men avgrensa til fjernlånet

For tjue minutt sidan publiserte det svenske Biblioteksbladet dette debattinnlegget av biblioteksjefen i Mora: «Superspridare av demokrati – så varför stänger bibliotek?». Ho reagerer på det ho kallar «stängningsglädje» og har ein teori om at dei stengjeglade eigentleg er leie av alle dei håplause lånarane: «Kan det vara möjligheten att slippa konfronteras med de där helvetiskt dryga biblioteksbesökarna som orsakar euforin?»

Nytt 7.11.: Ikkje alle svenskar ser det slik.

Eg har akkurat sett ferdig Thomas Seltzers NRK-serie «UXA» der den siste episoden handla om kor uforsonleg to-delt USA er blitt, ikkje etter rase, religion eller klasse, men etter partipolitikk. Noko liknande er på gang i det svenske bibliotekmiljøet også. Veldig sterke meiningar og formuleringar på begge sider; eg minna om det for to dagar sidan også, slik det framgikk på nettstaden til BiS.

Men vi får det vel her i landet også, no som kommunar og regionar er ulikt råka av viruset. Og no som vi veit at avgjerdene skal gjerast lokalt. For i mars trudde dei aller fleste at Nakstad og Høie og co. hadde bukta og begge endane.

Dog

Bibliotek og slott høyrer saman i dansk statsadministrasjon. Likevel budsjettreduksjonar. Feil: De har lige haft en omorganisering

På den danske nettstaden SøndagAften heiter det no at «2010’erne var gode år for kulturen». Men dog, alligevel, som det heiter på dei kantane: «De traditionelle kulturområder som kulturarv, medier, biblioteker, scene og musik har dog haft en reel nedgang i løbet af tiåret. Væksten har især været indenfor folkeoplysning og anden/tværgående kulturel aktivitet».

Så lenge underteikna har jobba i og med bibliotek har Danmark, og Finland, vore dei store førebileta, med best og mest både ressursar og kompetanse i land vi kan/bør samanlikne oss med. Men alt for eit par år sidan var ordet «bibliotekskrise» blitt vanleg å høyre også i dronningriket, blant anna i eit intervju vi gjorde med forbundsleiar Tine Segel for Bibliotekaren.

Biblioteket, krisa og demokratiet: BF tar ansvar der NB sviktar

«Bibliotekarens kompetanse er samfunnskritisk», heiter det i ei politisk fråsegn forbundsstyret i Bibliotekarforbundet legg fram for landsmøtet om eit par veker. Ordet samfunnskritisk fekk brått denne våren, ifølgje blant anna Språkrådet, den nye meininga «samfunnsnødvendig og … samfunnsviktig, som i samfunnsviktig infrastruktur». Men når Bibliotekarforbundet no bruker uttrykket, er det også i den «gamle» meininga at «biblioteket skal bidra til utvikling av kritisk tenkning og digital dømmekraft i befolkningen». Slik det står i den nasjonale bibliotekstrategien.

Men, held BF-styret fram, med fokus på koronaen (våre uthevingar): «Utover dette er det lite som peker mot at biblioteket har noen spesiell rolle om en krise skulle inntreffe. I forbindelse med vårens gjenåpningsproblematikk ble det tydelig at biblioteksektoren mangler en nasjonal aktør som kan være broen mellom departement, bibliotekeiere (både kommunale, fylkeskommunale og staten) og de bibliotekansatte. Flere etterlyste at Nasjonalbiblioteket skulle ta en tydeligere rolle som bindeledd mellom bibliotek og departement. Nasjonalbiblioteket gjorde det klart at de ikke ser på det som en del av sitt mandat å være bibliotekets stemme nasjonalt».

Jf her på bloggen 8. mai: «Koronarettleiar for norske bibliotek: Organisasjonane tok saka!»

BF-styret konkluderer: «Bibliotekarforbundet ønsker å være en samarbeidspartner og en premissleverandør i det videre arbeidet med å definere bibliotekets rolle i krisetider».

PS: Relevante stikkord på bloggen er «Samfunnsoppdraget», «Det uavhengige biblioteket» og sjølvsagt «Korona og biblioteket».

Svenske bibliotek over i fase 2. Eller fase 1?

Svenskane var tidlegare gode til å leve i isolasjon. Klikk og kikk

For dei har i liten grad vore gjennom korona-nedstenging, som alle norske bibliotek frå mars til juni. Men no er det snakk om heilt eller delvis kroken på døra fleire stader.

Derimot har dei hatt diskusjonar som vi (enno) ikkje har hatt i særleg grad (?), som denne som fann stad på BiS, Bibliotek i samhälle: Ein bibliotektilsett uroa seg her for eigen og andres helse ved å halde ope nesten som vanleg, men blei av andre tillagt haldninga at biblioteket ikkje er «en samhällsviktig verksamhet».

Bibliotekarar mot kupp

«Alle» i bibliotekfeltet er for demokrati. Konferanse på konferanse har demokrati som tema, og dei siste tiåra har vel alle strategiske dokument om folkebiblioteka fokusert på dette. I vår del av verda handlar det mest om å slå inn opne dører. I USA derimot, kan det snart bli langt meir konkret og tilspissa. Social Responsibilities Round Table (SRRT) er ei «spesialgruppe» av den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA. Dei har no sett det naudsynt å vedta ei fråsegn om å slutte opp om fredelege demonstrasjonar mot alle forsøk på å ikkje respektere resultatet i presidentvalet 3. november.

SRRT viser til eit sett med ti råd frå organisasjonen Choose Democracy dersom det blir uro etter valet. Eit døme på svært konkrete førebuingar er dette rådet:

«To start preparing, talk to at least 5 people who would go into the streets with you — the safest way to take to the streets is with people you know and trust»

Choose Democracy har fire krav:

  1. We will vote.
  2. We will refuse to accept election results until all the votes are counted.
  3. We will nonviolently take to the streets if a coup is attempted.
  4. If we need to, we will shut down this country to protect the integrity of the democratic process.

Bibliotekvennen Jan Myrdal er død

Jan Myrdal i arbeidsrommet i Fagervik 1995. Foto: Anders Ericson (CC BY-SA 2.0)

Han var kontroversiell på mange område, og intervjuet underteikna gjorde med han i 1995 i den dåverande heimen i Fagervik for Bok og bibliotek, nr. 8, 1995, opnar med at kranglane hans med bibliotekarstanden hadde vore langvarige: «Han har kritisert og kommentert stort og smått ved dei svenske biblioteka. Han og Författarförbundet har blant anna aksjonert mot klassifikasjonssystemet! Dei har ved fleire høve reagert på korleis Bibliotekstjänst plasserer bøker i båsar, der dei etter deira meining ikkje høyrer heime. På toppen av det heile har venstreradikale Myrdal uttrykt tvil om folkebiblioteka eigentleg burde vere offentlege! I alle fall må bibliotekarane frigjere seg frå rolla som kommunetilsette, har han sagt. For ein kommunal institusjon kan aldri overtyde folk om at det er bra å lese!».

Elles er intervjuet fullt av sitérbare utsegner som denne: « – Browsinga – den nyfikne litterære hyllevandringa i det opne biblioteket – er avgjerande viktig for folk. Men eliten forstår ikkje dette. Akademikarane går på skjener, mens dei folkelege intellektuelle browsar. På folkebiblioteket skal til dømes ein handverkar kunne ha gleda av å snuble over ei bok om brubygging før ingeniørane si tid».

Vi har også sitert han tre gongar på denne lista. Gå ned til «Andre verdifulle utsagn».

Meirope, på Eidsvoll?!

Vi må ha tatt grundig feil då vi her om dagen dødsdømde dei meiropne bibliotektilboda med bakgrunn i korona-epidemien og krav til trygge publikumslokale. For i dag fann vi først dette frå Deichman om berre å «korte ned på ordninga» og så dette frå Eidsvoll bibliotek om klargjering for meirope tilbod. Rett nok med atterhald: «Så fort koronasituasjonen tilsier det… ».

Men det kan vere fleire grunnar til at lånarar ikkje har lyst til å låse seg inn og risikere å vere aleine på kveldstid på Eidsvoll bibliotek.

Men ha ein god Halloween 🙂

Ostehøvling av Deichman

Og du lurte på kvifor ostehøvling er metoden i Oslo? Foto, utsnitt: Alexander Ottesen, (CC BY 2.0).

Dagsavisen i dag om 2021-budsjettet i Oslo og svar frå etatane på spørsmålet «Hva betyr dette budsjettforslaget for dere?»:

«Deichman skriver lakonisk at de «registrerer» at det heller ikke i år følger investeringsmidler til den nye bibliotekplanen for Oslo. Dermed ryker planen om pop up-bibliotek på St. Hanshaugen, og de beklager seg også over at det ikke er penger til oppgradering av Deichman Holmlia. Mens ostehøvelkuttet på tre millioner kroner skriver de at de tenker å løse med å korte ned på ordninga der man kan gå på biblioteket utenfor åpningstidene, det som kalles «Meråpent bibliotek».

« … korte ned på ordninga …»? Elles har vi inntrykk av at koronaen har sett stopp for all meiropning?

Betre enn torghandlarane! (det er fredag)

Namnet på torghandlaren er sendt spalta «På teppet» i Klassekampen, avd. «Godt navn». Kjelde: Digitalt museum.

Lat oss halde dette internt med tanke på framtidig rekruttering (derfor bruker vi ikkje l-ordet her): Ifølgje Fri fagbevegelse ligg no bibliotekarane framleis etter skulptørane, men har passert torghandlarane.

Elles ligg vi 4610 slike einingar vi snakkar om etter gjennomsnittet og får 43,6 prosent av det toppleiarane i offentlig administrasjon får i månads-l.

Himalaya nådde ikkje opp

>> OPPDATERING 30.10. kl 8.20: Sjå kommentar frå bibliotekarelin nedanfor: Saka vender med dette frå kritikk mot norske bibliotek for ikkje å kjøpe boka til Fatland til kritikk mot NB og Biblioteksøk for å operere med to parallelle postar på boka. Pluss: I den førstnemnde posten heiter det at boka er på «engelsk»?!

Når riksmedia skriv noko redaksjonelt om bibliotek er det ofte om innkjøpsordninga, typisk når Kulturrådet har nulla ein forfattar som er minst B- eller helst A-kjendis. Som VG måndag, der Erika Fatland si nye bok om Himalaya ikkje er blitt innkjøpt. Og då kjem sjølvsagt den ikkje uvanlege formuleringa: «Boken ble ikke innkjøpt av Kulturrådets innkjøpsordning for sakprosa – og blir dermed ikke kjøpt inn til norske bibliotek» (vår utheving). Som om ingen norske bibliotek kjem til å tilby henne.

Men ved dette høvet har dei dessverre langt på veg rett. For fire dagar sidan fann vi på Biblioteksøk at 26 bibliotek hadde boka, og i dag er det berre 6 fleire. Altså ca. kvart tiande bibliotek. Men vi skal følgje med vidare.

VG fekk med seg at den blodferske utgreiinga om alt dette, «Logikker i strid», går inn for at ordninga for sakprosa bør bli «mer lik» dei andre ordningane. Men utvalsleiar Anne Oterholm i K-rådet minnar om at «statsbudsjettforslaget i oktober ikke akkurat kom med noen utvidede budsjettrammer her. Den automatiske ordningen har mange fordeler, men det vil koste».

PS: Dei høgaste toppane i Himalaya er rundt 8500 meter høgare enn toppane som er omtalte i ei anna toppturbok av året som bloggaren er medforfattar til, men denne ligg ikkje så langt etter Himalaya-boka til Fatland, med førekomstar i 27 bibliotek. Denne kjem heller ikkje på Fondet, men er framleis i netthandelen 🙂

Ny koronabølgje = nye spesialordningar, NB?

I Oslo, blant anna landets klart største universitetsby, blir det ifølgje Khrono.no i dag nye innstrammingar og klar oppmoding frå byråden og kunnskapsministeren om at mange fleire må jobbe heimefrå, samtidig som dei skal innføre digital undervisning «der det er mogleg». 

30. juni var liksom koronaen over ifølgje Nasjonalbiblioteket (ved endring sjå kopi på Wayback Machine. Nyaste er per i dag frå 12.8.). Ordningane med ekstra opning av pliktavlevert materiale må på plass igjen. Og samtidig ein ny runde e-boktilskott til folkebiblioteka.

PS 28.8. kl 11.30: Fekk ei tilbakemelding frå ein lesar om at nokre justerte ordningar gjeld i dag (på Wayback Machine per 10.8.). Det er greitt, men desse er byråkratiske til samanlikning og har klare avgrensingar. Og ein reprise på ordninga frå mars til juni vil vere småpengar for Kulturdepartementet i dag.

Meirope bibliotek R.I.P.?

Når det no er tysdag og tid for vekas kategori, blir det nesten som eit gravøl å velje artiklane om meiropne bibliotek. For kjem vi nokon gong tilbake dit? I denne kategorien er det per i dag 15 artiklar. I dei første var vi svært skeptiske, utfrå den danske tendensen heilt tilbake til 2004 med 100% ubetente utlånsstader til erstatning for bibliotekfilialar. Slik det også blei «populært» i Storbritannia. Men etter kvart såg også vi verdien av utvida opningstid ved oppegåande bibliotek, særleg for visse typar brukarar. Før altså heile greia klappa saman med koronaen.

PS: Vi oppdaga no at vi klarte å unngå å blogge om Bibliotekarforbundet si fråsegn frå 2018 om dette fenomenet, men her kjem ho.

Koronakreativt på Kongsvinger

Klikk og kikk

På nettstaden Mitt Kongsvinger kan vi i dag lese om eit planlagt bokbad «med en liten tvist»: «Bokbadet i Kongsvinger bibliotek torsdag kveld foregår som en samtale mellom [Hedi] Linde og Hanne Bjugstad, en av bibliotekets ansatte. Men med en liten tvist. — Dette bokbadet blir litt annerledes. Det blir gjort opptak underveis som vil sendes som en episode i vår podkast senere, forklarer biblioteksjef Raaden».

Podkasten «Litt prat» er eit samarbeid med Åsnes bibliotek, der dei annankvar gong bytter på sendingane. «— Podkasten oppstod som et tiltak under koronatiden, som en ny måte å nå ut med litteraturformidling til publikum. Podkast er et spennende format, sier Raaden, som har vært biblioteksjef i Kongsvinger i 14 år».

«Kongsvinger bibliotek har også kastet seg på et tilbud fra Litteraturhuset, slik at de kan strømme deres arrangementer. — Blant annet skal vi sende bokpraten med Sissel Gran og Tove Nilsen på storskjerm her i Kongsvinger bibliotek i november».

Liknande avtalar kunne sikkert gjerast mellom bibliotek som strøymar arrangement. Kanskje det alt skjer? Bruk gjerne kommentarfeltet nedanfor til å melde om slikt.

Latterleg kulturindeks

Igjen og igjen er Røros «landets kulturkommune». Ifølgje Norsk kulturindeks, eit produkt frå Telemarksforskning, som særleg lokal- og regionpressa elskar å lage oppslag om kvart år på denne tida. Vi har ingenting imot Røros, dei har jo mykje bra kultur.

Men ein kan jo stille spørsmål straks ein bryt kommunetala ned på dei 11 kategoriane, til dømes på bibliotek, og finn berre éin by blant dei 20 på topp, nemleg Hamar. Og når vi på fylkesnivå ser at trønderane audmjukar møringane og romsdalingane med fem gongar så høg score! Sjå illustrasjonen. Eller for å seie det slik: Kva er vitsen?

25 eller 0 sakprosa-millionar?

Boka kom for tre veker sidan. I Biblioteksøk har berre 26 bibliotek boka per 24.10.

Hovudsaka på Klassekampens kultursider i går handla om innkjøpsordninga for sakprosa. Ei ny norsk sakprosabok bruker gjennomsnittleg 26 dagar meir på å nå biblioteket enn ei skjønnlitterær vaksenbok. Det vil seie 105 dagar eller nesten eit kvart år. Vel å merke om boka tilhøyrer den utvalde 25-prosenten av all forlagsutgitt sakprosa. Og ikkje står på «ventelista». Då tar det 227 dagar!

Men no vil både Arne Vestbø, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), og SVs stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård at 25 millionar blir plussa på budsjettet for 2021, sånn at ordninga kan bli like automatisk som for skjønnlitteratur.

Men Øvstegård er ikkje altfor optimistisk:

Les mer «25 eller 0 sakprosa-millionar?»