Då danske bibliotek blei Korona-digitale: – Den sociale ulighed blev større

Det danske Forbundet Kultur og Information (der det tidlegare Bibliotekarforbundet inngår) skriv at «Corona øgede social ulighed i biblioteksbruge» og viser til ei undersøking ved Københavns Universitet. Ho handlar om kulturbruken til barnefamiliar under Koronaen (Danmarks Statistik har begynt med «individbaseret biblioteksstatistik»), og tendensen for biblioteka då dei måtte stenge og gå over til digitale utlån er klar: «De socialt stærke børnefamilier havde en langt større stigning i digitale lån end socialt udsatte børnefamilier. Med andre ord: Den sociale ulighed blev større». Dei kan også underbyggje det med forsking i UK og Nederland.

Forfattaren seier blant anna: «De højtuddannede låner to til tre gange mere, og det illustrerer, at vi i et samfund som det danske har haft stor succes med at reducere den økonomiske ulighed, men ikke i samme omfang den kulturelle ulighed. Vi vil helst ikke blande os i, hvad der foregår i familierne. Hvordan de strukturer hverdagen, om de læser eller laver andet med deres børn. Men vi ved, at det har stor betydning for deres børns læring og dermed den sociale ulighed».

Rapporten fann vi i fulltekst på ScenceDirect: «Inequality in learning opportunities during Covid-19: Evidence from library takeout».

Forbundet konkluderer med at «hvis man som bibliotek vil bidrage til at skabe mere social lighed, så skal man have en »biblioteks-socialpolitik.».

Det fleirspråklege

Mytisk fleirspråkleg opphav. Av Pieter Bruegel den eldre (Offentleg eigedom)

No på ein fredag morgon i tidleg september kjem det inn i bloggarens e-postkasse eit nummer av tidsskriftet Edda om «litterær flerspråklighet». Ifølgje leiarartikkelen er heftet «en frukt av symposiet ”Flerspråkig litteratur och läsaren” som anordnades av den internationella Forskargruppen för flerspråkighet i nordisk-baltiska litteraturer vid Östersjöns författar- och översättarcentrum i Visby i mars 2019».

Det handlar om det fleirspråklege og litteraturen, og dermed meir om forfattarars formidling av bodskap enn om til dømes bibliotekarars formidling av forfattarars formidling.

PS: Edda er eitt av dei permanent opne (OA) tidsskrifta på Idunn.no. Men dei som var opna ekstraordinært i samband med koronaen får vi no vite, i svar på e-post-spørsmål til Idunn.no, at «ble stengt 12. juni, etter at bibliotekene åpnet igjen».

No er altså alt normalt igjen. Men også for risikogruppene …? (veit nokon om dette er ein offisiell dato, og erklært av kven?)

Heller ikkje no eit langsiktig statleg koronatilbod til biblioteka, men …

Vi fann ikkje CC-foto med Raja i uvanleg positur. Foto: H.A. Rossbach (CC-BY-SA 3.0)

Abid Raja, tidenes mest fotograferte og filma norske kulturminister i uvanlege positurar, er no ute med nye dansesteg og «Fem millioner til inkludering av barn og unge i kulturlivet».

Søkarane skal vere frivillige organisasjonar, men tiltak dei viser til er kopla til blant anna kommunale fritidsklubbar, så bibliotek må vel også kunne gjere seg lekre for søkarar?

Vi minnar om at i den gjeldande bibliotekstrategien heiter det blant anna:

«I Meld. St. 10 (2018–2019) Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig (frivillighetsmeldingen) blir samarbeid med bibliotek og tilgang til bibliotekenes åpne og uavhengige lokaler fremhevet som en del av grunnlaget for en aktiv frivillig sektor i lokalsamfunnet».

Ingen pris for prissettingforslag

I førre veke skreiv Khrono.no om at «professor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo tildeles Akademikerprisen 2020». Denne kom i tillegg til UiO sin Formidlingspris i juni, etter at han under koronakrisa «kom med prinsipielle innvendinger mot det første forslaget til kriselov». Og det var bra.

Men han bør aldri bli kandidat til nokon bibliotekpris.

Dei som har vore med nokre år og/eller som har vore meir enn gjennomsnittleg interesserte i historia om folkebiblioteka sitt gratisprinsipp, vil hugse eit dokument frå same Graver frå 1994: «Juridisk tolkning av bibliotekloven». Då skreiv og signerte han som …

Les mer «Ingen pris for prissettingforslag»

Muleg vidareføring av Biblioteknorge-lista

Bibliotekarforbundet i dag kan vi lese at «flere aktører med tilknytning til biblioteksektoren [diskuterer] en mulig videreføring av Bibliotek-Norge-lista». Samtidig som Svein Arne Tinnesand på NB «ikke har noen motforestillinger mot en videreføring av BibliotekNorge-lista. – De som ønsker det står selvsagt fritt til å videreføre lista. Men Nasjonalbiblioteket kommer ikke til å tilby å drifte en postliste på den eksisterende teknologiske plattformen».

Interessert i bibliotekpolitikk etter 28.8.2020?

I det no nedlagde (sic!) biblioteket i Bethnal Green i Aust-London var Karl Marx på veggen

E-postlista Biblioteknorge, det klart viktigaste forumet gjennom tjue år både når det gjeld små og store bibliotekspørsmål, blei fredag 28.8., på éin dags varsel, stengt av eigaren, Nasjonalbiblioteket. Dei kunne ha berre frose det og halde det framleis søkbart, men har istaden gjort alt innhaldet utilgjengeleg, medrekna det siste døgnets debatt om nedlegginga. Derfor sjå sakene her på bloggen med stikkordet Biblioteknorge2020., blant anna også eit intervju med Thomas Gramstad som imøtegår NB sin påstand om forelda teknologi som grunn for full nedstenging.

I denne situasjonen rår NB oss til å bruke dei 56 (?) ulike del-forum (sjå nokre få i illustrasjonen ovanfor) på nettstaden deira Bibliotekutvikling.no (krev innmelding). Blant dei 56 finn vi ingen del-forum om bibliotekpolitikk, men éitt heiter det same som den nedlagde lista, og der kan vi vel forsøke å auke aktiviteten, frå berre 40 innlegg det siste året. Om ikkje nokon annan kan kopiere og starte opp Biblioteknorge igjen (sjå intervjuet med Gramstad).

Men om ikkje dette duger, bruk veldig gjerne denne bloggen, særleg til bibliotekpolitiske spørsmål. ytringsfridom, debattbiblioteket osv. ! Tips meg på frilanders @ gmail.com.

Heile 873 personar …

Les mer «Interessert i bibliotekpolitikk etter 28.8.2020?»

Gratulere med solid utført sletting, Nasjonalbiblioteket!

Hej, for en skinnede port! 
Stå! Vil du stå! Det rygger 
længer og længer bort! 

No er fagforumet Biblioteknorge grundig fjerna frå Verdsveven (les meir om dette). Om du søker etter arkivet kjem du berre til nyheitssida på Bibliotekutvikling.no. Det same gjeld for lenker til innlegg på lista som vi har brukt i artiklar her på bloggen. Til dømes til talen underteikna skulle ha halde under Bibliotekmøtet i Haugesund i mars som takk for NBF sin pris (han fanst berre på Biblioteknorge, men nokre av dei som har lese han vil meine det ikkje er noko tap …). Men mange myyykje viktigare innlegg er blitt søkk vekk for ettertida.

Dei skriv at dei skal «bevare» innhaldet, men blir det tilgjengeleg, spør blant anna Thomas Gramstad? Etter prinsippa deira for arkivering av .no-domenet vil det berre bli tilgjengeleg for «forskning og dokumentasjon på særskilte vilkår». Men dei skriv også at «Deler av samlingen kan bli gjort tilgjengelig for allmennheten». Så får vi håpe på det. Men godt søkbart som inntil fredag morgon denne veka, blir det neppe.

Eit vagt minne om forumet/lista finn vi på Wayback Machine, men der er det nyaste frå 2017. Og klikking på den enkelte månaden gjev (førebels) informasjon om at «This page is available on the web!». Men dét vil vel snart bli retta.

Om det Norske Kongelige Nasjonalbibliotek her har brukt metoden med Robot Text File for å stenge seg ute, er komedien/tragedien fullendt. Men dette er ord som berre slike som underteikna, som for lengst er stempla som konspirasjonsteoretikar, bør ta i sin munn.

Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?

Thomas Gramstad
Foto: Thomas Gramstad CC-BY

På fagforumet Biblioteknorge torsdag denne veka var det heitaste temaet forståeleg nok at Nasjonalbiblioteket på ėin dags varsel meldte at dei skal leggje ned lista, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar har heldt seg orienterte.

Kritikken var krass og mangfaldig. Den mest konkrete kritikaren var Thomas Gramstad, blant anna styreleiar i EFN, styremedlem i ISOC Norge og sekretær for NUUG, etter å ha vore nestleiar der i 2019-2020. Vi har her bedt han utdjupe nokre av ankepunkta.

NB er jo ikkje på nokon måte konkrete på korleis og når dei vil bevare innhaldet på lista og eventuelt om dei vil gjere det allment tilgjengeleg, og du etterlyste i går løysingar både for bevaring/arkivering og for alternativ drift. Men no har du også sett nærmare på heile grunnlaget for nedlegginga. Og dėt meiner du ikkje er spesielt godt fundert?

– NB hevdar at Listserv er forelda teknologi. Det er nok rett at dei konkurrerande frie programvarene Sympa og Mailman blir oppdaterte oftare, har fleire funksjonar, er meir moderne, brukast av mange fleire i dag, og at det ville vore betre å gå over til ein av dei. Likevel kan eg ikkje la vere å påpeike at det framgår av NB sine websider at dei køyrer ein gamal versjon av Listserv (15.5), mens produsenten Lsoft.com oppgir at versjon 17.0 blei sluppe 10. juni 2019. Det er ganske mange versjoner mellom dei to, så kanskje versjon 17 er litt mindre forelda.

Og eg merker meg spesielt …

Les mer «Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?»

Det er fredag 2

Feilstavinga av «bibliotek» – med berre éin i – på eit skilt av stein ved Frosta bibliotek har vel snart gått verda rundt, etter at blant anna TV2 klinte til. Feilen vil bli retta, men så billeg som råd, med ei pålimt metallplate.

Men dei er ikkje aleine. På Atekst finn vi 246 «biblotek», med 2012 som «topp-året» og då med Østlandets Blad som den klare «vinnaren».

Men apropos: I Kristiansand er feilstava sykkelvegskilt kunst og ikkje fake news. Ei sak for biblioteket!

Og apropos: Her i Moss har denne medvitne fotomanipulasjonen på skiltet om byens tusenårsstad, oppdaga av bloggarens svenske tremenning, aldri blitt retta.

Mest sette i veke 35, 2020

– Frykter at humor og satire blir krenkelses-ofret

Daumier måtte i fengsel i 1831 for denne teikninga av kong Louis-Philippe

Dette er overskrifta på ei sak på Khrono i dag. Det framgår blant anna at avisteiknar Marvin Halleraker «tror ikke at yrket hans finnes om ti år». Og så var det intervjuet i juli med Frode Øverli i Aftenposten. På tide med ein mot-aksjon!

Herverande bloggar har ikkje spesielt behov for å krenke, men å levere humor og spydige stikk når det er eit visst grunnlag for det, vil mange ha registrert at vi har ein trong til. Særleg stikk til dei oppover i ulike system, også biblioteksystemet.

Samtidig som årets klart mest spydige og ironiske turbok (!) sidan «Guide til det danske høyfjellet», kjem frå denne mac-en. Spydig mot konstruktørane av Viken fylke, mot ignorante byfolk i samanslåtte kommunar og litt mot Kartverket.