Bibliotek i brann

Det første oppslaget i Dagbladet

Brannen og vatnskadane i det nye hovudbiblioteket i Oslo tysdag kveld var ikkje fullt så alvorlege som visse nettaviser ville ha det til. Det ideelle for dei er jo å kunne trappe opp dekninga gjennom fleire, stadig meir dramatiske oppslag, men Dagbladet fekk faktisk til ei nedtrapping gjennom tre oppslag på under seksten timar (jf. Atekst).

Dagen etter kunne Deichman opne dørene igjen, og på heimesida kunne dei nedskalere hendinga til eit «branntilløp». Og vatnet hadde gjort lite skade. Donald Duck-samlinga skal visst ha blitt mest råka.

Politiet opnar for at brannen var påsett, og dei har levert prøvar til analyse. Samtidig minner Nordre Aker Budstikke om brannen i ei papirkorg på ein WC på Realfagbiblioteket på universitetet på Blindern 26. januar. Så no ser politiet etter eventuell samanheng mellom desse.

Likevel blir dette for ingenting å rekne når vi torsdag kunne lese i Bistandsaktuelt om den «heilage» nedbrenninga av universitetsbiblioteket i Mosul under IS-kalifatet. 85% av bøkene klarte dei å øydeleggje. Men rekonstrueringa er i full gang!

PS 1: I haust blogga vi om by- og bibliotekbrannen i København i 1728, der mykje av kunnskapstilfanget til mellomalderens Noregshistorie kunne gått tapt.

PS 2: Hugs «Fahrenheit 451»! Og sjå sluttscena i filmen.

Leave a Reply